Kva leitar du etter?

D3aa7614 2338 40dc 86d1 823749085e64
Ela Nordengen og Ingrid Opedal frå Fairtrade Volda/Ørsta saman med berekraftstrainee Henrik Rodt i Tussa

Berekraftsstøtte til Fairtrade Volda og Ørsta

17.10.2025

Komande veke, frå 20. til 26. oktober er det nasjonal Fairtrade kampanjeveke. Tussa er lokal støttespelar no når dette skal gjennomførast i Volda og Ørsta. Fairtrade Volda og Ørsta har motteke midlar frå Tussa berekraftsfond for å gjere barn og unge meir merksame på korleis dei kan bidra til ei betre verd gjennom rettferdig handel.

Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som skal sikre rettferdig handel og betre arbeids- og levekår for bønder og arbeidarar i utviklingsland. Ordninga stiller mellom anna krav til berekraftig produksjon, miljøomsyn og minsteløn. Produkt med Fairtrade-merket gir forbrukarane høve til å støtte etisk handel gjennom kjøpa sine.

Treff 12 av 17 mål

Gjennom Tussa berekraftsfond skal Tussa vere ein lagspelar for lokallag og organisasjonar som tek tak i utfordringar knytte til FN sine berekraftsmål. Fairtrade-ordninga er knytt til heile 12 av dei 17 måla. Nedkjemping av fattigdom, likestilling, sømeleg arbeid og klimaendringar er døme på sentrale område. Arbeidet som Fairtrade Volda og Ørsta legg ned, er difor i tråd med det berekraftsfondet ønskjer å støtte.

Lær meir og bli med

Set av nokre timar i perioden 20. til 26. oktober og lær meir om Fairtrade-arbeidet lokalt og globalt, og kvifor dette er så viktig.

Besøk Fairtrade Volda og Ørsta på Facebook og les meir om kva som skjer under Fairtrade-veka.

Mottakarar av Tussa berekraftsfond i 2025

I 2025 fekk desse laga og organisasjonane støtte gjennom Tussa berekraftsfond:

  1. Brandal Velforening i Hareid:
    Installere varmepumpe, oppgradering av elektrisk anlegg, lys og stikkontaktar for å gjere Pakkhuset tryggare og betre eigna til arrangement.
  2. Fairtrade Volda og Ørsta:
    Lokale aktivitetar i samband med nasjonal kampanjeveke (13.–19. oktober 2025) for å fremje rettferdig handel, med særlege aktivitetar for barn og unge.
  3. Gjerdsvika IL i Sande:
    Oppgradere sikringsskap og skifte ut gamle lyskjelder til LED i klubbhuset, for tryggleik, miljø og betre lys.
  4. Kvamsøy IL i Sande kommune:
    Gå frå fossil traktorklippar til elektrisk robotklippar for vedlikehald av fotballbanen, slik at barn og unge har ein møtestad for aktivitet.
  5. UL Fram på Åheim i Vanylven:
    Renovering av ungdomshuset frå 1926 med ny kledning, vindu og isolasjon. Dette sparar straum og bevarer eit av landets best bevarte ungdomshus.
  6. Søstrene Mel i Hornindal i Volda:
    Ny produksjon av utespelet Søstrene Mel og sjøormen. Familieframsyning som handlar om klima, miljø, kultur og identitet, der profesjonelle og frivillige samarbeider.