Kva leitar du etter?

Årets sponsormidlar er fordelte

05.04.2022

150 ulike lag og organisasjonar har fått sponsormidlar frå Tussa i 2022. Tussa ønskjer med dette å bidra til attraktive og levande lokalsamfunn og gode fritidstilbod for barn og unge.

Tussa vert av omverda sett på som eit solid konsern og er ein populær sponsor. I løpet av året får vi om lag 200 søknader og spørsmål om støtte innanfor ulike kategoriar. I 2022 har over 150 ulike lag og organisasjonar fått sponsorstøtte.

Sponsormidlane går i hovudsak til frivillige lag og organisasjonar som driv aktivitet for barn og ungdom. Idrettslag, skisenter, e-sport, festivalar, kor, korps og speidargrupper er døme på aktivitetar som har fått støtte i 2022. Midlane blir fordelte etter prinsippet om å gi litt til mange, i staden for å vere hovudsponsor for nokre få. Slik får flest mogleg glede av sponsormidlane.

Refleksvestar til 1. klassingar
Tussa ønskjer å bidra til ein tryggare skuleveg for barneskuleelevane. I samarbeid med politiet og Reflekspartner deler vi kvart år ut gratis refleksvestar til førsteklassingar i området vårt. I 2022 får førsteklassingane på 22 barneskular refleksvestar frå Tussa. Vestane blir delte ut rundt skulestart til hausten.

Tussa FFO1

Gratis nettvettføredrag
Tussa samarbeider med den ideelle organisasjonen Barnevakten, og to gonger i året deler Tussa ut støtte til skular som ønskjer å arrangere føredrag om nettvett for elevar og/eller føresette. Våren 2022 har Fiskå skule, Haddal skule, Larsnes oppvekstsenter, Tonning skule og Ulstein ungdomsskule fått gratis føredrag med Barnevakten.

Til hausten er det ny tildelingsrunde. Vi støttar inntil 10 skular i året.

Lenke til søknadsskjema

Vil du søke om sponsormidlar?

Sjå kriteriene våre for tildeling av midlar og send inn søknad. Neste tildeling av sponsormidlar er våren 2023.