Åtvarar mot utrygg is
09.02.2026
På regulerte vatn er isen utrygg. Vi ber skøyteløparar og andre som ferdast på isen om å vere forsiktige og unngå utrygge soner.
På grunn av vasskraftproduksjon vil regulerte vatn ha endringar i vasstand og gjennomstrøyming som er ulikt frå forholda på uregulerte vatn. Sjølv om isen ligg tjukk på mange vatn, kan isen langs kantane sprekke opp grunna endring i vasstanden. Det kan difor vere utrygt langs kantane, ved bekkeosar og inntak/utløp til dammar og kraftstasjonar.
Varsom sine iskart markerer med raudt der isen kan vere utrygg. Her frå Snipsøyrvatnet, Svartevatnet og Hammarstøylsvatnet på Hareid.
Kart over regulerte vatn
Det finst fleire karttenester som viser regulerte vatn og utrygg is.
- NVE har utarbeida eit kart over svekka is som du finn på nve.no.
- Sjekk Varsom sine sider for oversikt over isforhold i Møre og Romsdal og resten av landet.