Kva leitar du etter?

Adobe Stock 236344177

Søk om støtte til nettvettføredrag

27.01.2026

Korleis lære barn å ta smarte val på nett, mobil og i spel? Tussa oppmodar skulane til å bruke Barnevakten sine føredrag, og vil dekke utgiftene for inntil fem skular på søre Sunnmøre og Stryn. Søk innan 15. februar 2026.

Vi lever i eit digitalt samfunn, der nettbruken aukar og store delar av den sosiale kommunikasjonen går føre seg på digitale plattformar. Det er difor særs viktig å vere bevisst på skjermbruk, både for barn, ungdom og vaksne. Nye medievanar gir store moglegheiter for læring og utvikling, men dei skaper også utfordringar. Ikkje minst stiller dei krav til foreldre, som skal rettleie barna og hjelpe dei til å bli trygge og kompetente brukarar av internett.

Tussa sitt bidrag til ein sunn oppvekst

Som lokal leverandør av breiband, straum, IT- og installasjonstenester tek Tussa samfunnsansvar, og ønskjer å bidra til ein god oppvekst for barn og unge. Difor oppmodar Tussa skulane på søre Sunnmøre om å ta i bruk Barnevakten sine føredrag. Tussa dekkjer utgiftene for inntil 10 skular kvart år, fem skular på vårsemesteret og fem skular på haustsemesteret. 

Ulike føredag

Barnevakten tilbyr ei rekkje føredrag og i ulike former, både fysiske og digitale. Alle blir haldne av ein lokal føredragshaldar frå søre Sunnmøre, og vert tilpassa skulen sine ønskjer så langt det let seg gjere.

Føredraga tek føre seg mello anna: 

  • Fakta om mediebruk
  • Nettmobbing
  • Sosiale medium
  • Medieskapt utsjånadspress
  • Foreldrerolla
  • Gleder og utfordringar ved digitale plattformer
  • Seling og e-sport
  • Grensesetjing og skjermtid
  • Aldersgrenser og digital dømmekraft

Oversikt over Barnevakten sine føredrag

Nye og aktuelle temakveldar

Barnevakten tilbyr fleire aktuelle temakveldar for foreldre, som Smarttelefonfri – kva no?, KI og digital dømmekraft, Skjerma barndom?, og kveldsskule for foreldre og elevar. Dei tilbyr også eigne lærarkurs. 

For ungdomsskulen finst opplegget Ung på nett, der elevar og foreldre samarbeider om å førebyggje nettmobbing, hatprat, utanforskap og nettovergrep, samstundes som foreldra får innsikt i gamingkultur og lærarar får tilgang til undervisningsmateriell.