Kva leitar du etter?

Hengelas fireworks
Trygg på nett

Våre nyttårsforsett for digital sikkerheit

26.01.2026

No når vi går inn i eit nytt år, tenkjer mange litt ekstra på trening, kosthald og økonomi. Men kva med den digitale helsa di? 

Heime hos dei fleste av oss ligg det eit heilt liv av bilete, dokument, passord og personopplysningar – alt samla på telefonen, PC-en og i ulike kontoar. Difor er januar ein perfekt månad for å rydde litt opp og ta kontroll.

Her er i hvert fall våre nyttårsforsett for å styrke datasikkerheita heime – kanskje du òg vil rappe nokre av dei? 

Ta kontroll på passorda dine med passordbank

Det kan vere freistande å bruke det same passordet overalt. Problemet oppstår dersom det blir lekkja, og heile det digitale livet ditt kjem i faresona. 

Med ein passordbank får du 

  • Sterke, unike passord for kvar teneste
  • Automatisk utfylling på både mobil og PC som gjer kvardagen enklare
  • Varsel om passordlekkasjar

LastPass er eit godt alternativ, eller du kan bruke den innebygde passordbanken i nettlesaren eller telefonen din. Det viktigaste er at du oppdaterer passorda for tenester du allereie brukar. 

Skru på tofaktorautentisering der du kan

Tofaktorautentisering er eit av dei viktigaste tryggleikstiltaka du kan gjere. Det betyr at du må bruke to ting for å logge inn: noko du veit (passordet) og noko du har (til dømes ei kode på mobilen). 

Ikkje alle tenester har aktivert tofaktorautentisering som standard, men dei fleste gir deg moglegheita. Du bør ta ei runde og sjekke om du har tofaktorautentisering aktivert her: 

  • Epostkontoen din
  • Sosiale medium som Facebook, Instagram og TikTok
  • Skyleverandørar som Google, Apple og Microsoft
  • Nettbutikkar og netthandelstenester

Det er lurt å bruke ein autentiseringsapp framfor å motta ei kode på SMS, som til dømes Microsoft Authenticator, Google Authenticator eller Authy. 

Sørg for backup – både av mobilen og PC-en

Utan backup er du til ei kvar tid berre eit uhell frå å miste alt: feriebilete, viktige dokument og samtalar. 

Du bør sørgje for at sikkerheitskopi er aktivert på mobilen din, slik at både bilete, meldingar og innstillingar vert lagra i skya. Dette finn du som regel i innstillingane på telefonen.

Desse skytenestene gir deg ofte ei lita gratis kvote i starten, så må du betale når du lagrar meir enn dette. Du bør difor sjekke iblant kor mykje plass du har igjen, slik at du er sikker på at alt vert lagra. 

Ta kontroll over den digitale identiteten din

På nettet legg vi att spor overalt. Over tid kan det bli litt for mykje. Har du prøvd å søke opp namnet ditt på nett? Kanskje ligg der noko frå gamle dagar som du ikkje ønskjer at eit barnebarn eller ein framtidig arbeidsgjevar skal sjå. 

Gå gjennom og rydd opp i gamle kontoar du ikkje brukar lenger, slett ting som ikkje treng å ligge ute, og tenk over kva du deler i sosiale medium. 

Lær deg å kjenne att svindel – og tenk deg om før du trykkjer

Dei fleste digitale angrep startar med ei lenkje, ein SMS eller ein e-post. Svindlarar spelar ofte på menneskelege kjensler som stress og skam for å få deg til å gjere som dei vil. Tenk alltid: «Kva er det verste som skjer om eg ventar to minutt?». Sjekk alltid:

  • Om du kjenner til eller forventar noko frå avsendaren
  • Om nettadressa i lenkjer stemmer
  • Språkfeil eller dårlege formuleringar
  • Om noko verkar for godt til å vere sant
  • Om nokon ber deg handle raskt

Digital tryggleik handlar ikkje om å ta eit skippertak ein gong, men om å heile tida vere bevisst på kva som kan skje, og handle deretter når ein surfar på det store internettet. 

Tussa ønskjer deg eit sikkert og trygt år!