Kva leitar du etter?

20220501 142414

Webkamera på Runde fyr

11.07.2022

Lurer du på korleis veret er på Runde fyr? Havlandet sitt webkamera på gir deg svaret.

Runde fyr er eit populært turmål både for dagsturar og overnattingsturar. DNT har sjølvbetent hytte med 25 sengeplassar ved fyret.

Runde fyr ligg på nordvestspissen av fugleøya Runde i Herøy kommune, Møre og Romsdal. Du kjem deg hit ved å følgje rv61 mot Fosnavåg, og følgjer skilting mot Runde. Det er ein stor parkeringsplass på nedsida av vegen like før du kjem til Goksøyr. Frå her følgjer du merka sti til fyret.

Webkameraet er sett opp av Tussa Installasjon, i samarbeid med Havlandet.

(Kjelde: ut.no)

20220501 140344
20220501 141812
20220501 142414