Kva leitar du etter?

Nørve og Driveklepp
Kommunedirektør Andreas Nørve og adm. direktør Ivar Driveklepp gler seg til vidare samarbeid.

Vanylven kommune og Tussa inngår langvarig samarbeidsavtale

08.09.2023

Vanylven kommune har gjennom fleire år hatt eit tett samarbeid om IKT-drift med nabokommunane gjennom Søre Sunnmøre IKT (SSIKT). Frå 1. januar 2024 går Vanylven kommune ut av dette samarbeidet og flyttar sine fagapplikasjonar i skya, noko som gjer at kommunen har behov for ny dataleverandør for IKT-infrastruktur.

Kommunen lyste før sommaren ut konkurranse for drift av den framtidige IKT-infrastrukturen. Dette skapte ei spennande moglegheit for kvalifiserte aktørar til å levere tenester som ville styrke kommunen sin teknologiske infrastruktur.

Vanylven kommune har no gleda av å kunngjere at Tussa IKT har blitt tildelt oppdraget.

- Vi ser fram til eit nytt og spanande samarbeid med ein lokal, anerkjend aktør innan IT-drift, IT-sikkerheit, softwareutvikling og integrasjonar med Microsoft 365- tenester.
Andreas Nørve, kommunedirektør i Vanylven kommune
IT avtale Tussa og Vanylven
Ivar Driveklepp (adm. direktør i Tussa IKT), Andreas Nørve (kommunedirektør Vanylven kommune), Marte Saure (stabsleiar Vanylven kommune) og Norodd Dyrhovden (sals- og produktsjef i Tussa IKT).

Innovative og fleksible løysingar til innbyggjarane

Gjennom dette samarbeidet ønskjer kommunen å sikre gode tenester ut mot innbyggjarar og tilsette i ei tid der det krevjast innovative, fleksible løysingar for å løyse samfunnsoppgåvene til kommunen.

Tussa IKT ser fram til samarbeidet med Vanylven kommune.

- Sterk konkurranse og endra kundebehov gir eit kontinuerleg behov for utvikling og innovasjon. Satsingane vi har innanfor Azure og IT-sikkerheit er døme på dette. Vi gler oss og ser fram til ei interessant teknologisk reise saman med Vanylven kommune og våre partnarar, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.