

Vanylven kommune og Tussa inngår langvarig samarbeidsavtale
Vanylven kommune har gjennom fleire år hatt eit tett samarbeid om IKT-drift med nabokommunane gjennom Søre Sunnmøre IKT (SSIKT). Frå 1. januar 2024 går Vanylven kommune ut av dette samarbeidet og flyttar sine fagapplikasjonar i skya, noko som gjer at kommunen har behov for ny dataleverandør for IKT-infrastruktur.
Kommunen lyste før sommaren ut konkurranse for drift av den framtidige IKT-infrastrukturen. Dette skapte ei spennande moglegheit for kvalifiserte aktørar til å levere tenester som ville styrke kommunen sin teknologiske infrastruktur.
Vanylven kommune har no gleda av å kunngjere at Tussa IKT har blitt tildelt oppdraget.
- Vi ser fram til eit nytt og spanande samarbeid med ein lokal, anerkjend aktør innan IT-drift, IT-sikkerheit, softwareutvikling og integrasjonar med Microsoft 365- tenester.

Innovative og fleksible løysingar til innbyggjarane
Gjennom dette samarbeidet ønskjer kommunen å sikre gode tenester ut mot innbyggjarar og tilsette i ei tid der det krevjast innovative, fleksible løysingar for å løyse samfunnsoppgåvene til kommunen.
Tussa IKT ser fram til samarbeidet med Vanylven kommune.
- Sterk konkurranse og endra kundebehov gir eit kontinuerleg behov for utvikling og innovasjon. Satsingane vi har innanfor Azure og IT-sikkerheit er døme på dette. Vi gler oss og ser fram til ei interessant teknologisk reise saman med Vanylven kommune og våre partnarar, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.