Kva leitar du etter?

20221214 111849

Tussaparken skal inspirere til gode miljøval

15.12.2022

Fornybar energi frå vatn, vind og sol. Tussaparken er ein energipark som produserer noko av straumforbruket sitt sjølv.

Tussaparken i Ørsta sentrum viser ulike former for fornybar energiproduksjon. I parken er det ein liten vindturbin som produserer vindkraft, eit solcelleanlegg som produserer solkraft, og eit skovlhjul frå Tussa kraftverk som illustrerer vasskraft.

Ved å framsnakke fornybar energi og vise fram fornybar energiproduksjon ønskjer Tussa å inspirere einskildindivid til å ta gode miljøval.
20221214 112029
Vindmølla i Tussaparken vart montert 14. desember, og ho visualiserer vindkraft som ei viktig fornybar energikjelde i framtida.

Fornybar energi er meir miljøvennleg og berekraftig

Energien vi får frå vatn, vind og sol er døme på fornybar energi. Fornybar energi er meir miljøvennleg og berekraftig, fordi han er basert på ressursar som naturen sjølv fornyar, utan bruk av fossile brennstoff.

Fornybar energi er viktig fordi:

  • Fornybar energi er nøkkelen til ei berekraftig utvikling og til å stoppe klimaendringane.
  • Straumforbruket vårt aukar. Skal vi erstatte fossile energikjelder, i til dømes industrien og transportsektoren, vil straumforbruket vårt auke med 30-50 TWh i året. Byggjer vi ut tilsvarande mengder med fornybar energi, vil vi halvere klimagassutsleppa våre.
T2
T7
T20
T24
T4

Vasskraft - den mest effektive energikjelda vi har

Noreg er det sjuande største vasskraftlandet i verda, og klart størst i Europa. Vi er heldige som får nesten all straumen vår frå vasskraft.

I eit normalt nedbørsår blir det produsert om lag 132 TWh vasskraft i Noreg. Det er litt meir enn det vi normalt brukar av elektrisitet på eit år.

Vasskraft er bra fordi:

Ho er fornybar og varar evig.
Ho er rein og har ingen eller svært låge klimagassutslepp etter utbygging.
Ho er fleksibel. I store vasskraftverk kan vi lagre vatnet, og krafta kan vi produsere når kundane treng ho.
Det er ein lokal ressurs. Kvart år går ein stor del av inntektene frå kraftprodusentane tilbake til kommunane som har vore med å bygd ut kraftverka, og til lokalsamfunna der kraftverka ligg. Pengane blir brukt til skular, sjukeheimar og andre gode føremål.

Tussa eig og driv 25 vasskraftverk. Les meir om Tussa sin vasskraftproduksjon.

IMG E9242
Ein av dei gamle turbinane frå Tussa kraftverk er utstilt i Tussaparken.
Tussa kraftstasjon inne

Sola er ei verdifull energikjelde for framtida

Solenergi er den energikjelda i verda som veks fortast. Sjølv om solenergi berre er ein liten del av kraftproduksjonen i Noreg, er det likevel den kraftproduksjonsteknologien som veks raskast.

Betre teknologi, lågare produksjonskostnader og aukande etterspurnad etter fornybar energi har gjort solenergi til ei stadig meir attraktiv energikjelde. Også i Noreg, og på Sunnmøre, er det nok sol til at det er fornuftig å byggje ut solcelleanlegg.

Solenergi har fleire fordelar og kan bidra til at verksemder når måla sine om energieffektivisering.
TUSSAINSTALLASJON SOLCELLE 04275 2
Volda Mat er ei av dei lokale bedriftene som har investert i solcellepanel på taket.

Solcelleanlegget i Tussaparken

Det er berekna at solcelleanlegget på paviljongen vil produsere 105 kWh per kvadratmeter panel i året. Forstørrar vi det opp til 40 m2, og plasserer det på taket på eit bustadhus i Ørsta sentrum, vil det i løpet av eit år kunne produsere 4 200 kWh. Det er nesten 1/4 av straumforbruket til ein gjennomsnittsfamilie.

T8
TUSSAINSTALLASJON SOLCELLE 04291

Vindkraft er ei fornybar og utsleppsfri energikjelde

Noreg har svært gode vindkraftressursar, og vindkraft blir stadig meir konkurransedyktig som energikjelde.

Noreg har i dag eit kraftsystem som er dominert av fleksibel vasskraft. Vatn- og vindkraft samspelar svært godt, ettersom vi kan spare vatn i magasina når det er gode vindforhold, og utnytte vasskrafta når det ikkje bles.

Men vindkraft er omdiskutert i Noreg. Bygging av vindkraftverk krev konsesjon frå styresmaktene, og det er ein omfattande prosess der samfunnsverdien av utbygginga blir vegd opp mot naturinngrep og andre ulemper.

20221214 110745 EFFECTS
Vindmølla i Tussaparken er 3,2 meter høg og det er estimert at ho vi produsere 750 kWh i året.

Tussa - med kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar

Elektrisitet som energiberar er sentral i framtida sitt energisystem. Tussa er ein liten aktør på nasjonalt og internasjonalt nivå, og vi aleine kan ikkje redde verda. Men vi er å rekne med der vi er, og det er på søre Sunnmøre. Vi skal bidra til å løyse utfordringane der vi har vår aktivitet og kan påvirke. Ved å vise fram og informere om fornybar energi, ønskjer vi å inspirere andre til å ta gode miljøval.

Samfunnsansvaret vårt

Tussa sin visjon er å ha kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi er opptekne av at verksemda vår skal vere til det beste for menneska, miljøet og samfunnet rundt oss.