Kva leitar du etter?

Vår magiske planet
På Sommarlab i år skal borna bli kjende med planeten vår og sjå på kva som gjer jorda så unik.

Tussa støttar Sommarlab i Herøy og Volda

01.04.2022

I år kjem Forskerfabrikken med ein heilt ny sommarskule. Borna kan glede seg til nye, kule eksperiment, spennande undersøkingar og nytt tema om jorda og verdsrommet.

Vår magiske planet
Veit du kvifor jorda er den einaste planeten der folk kan bu i solsystemet vårt? På Sommarlab i år skal borna bli kjende med planeten vår og sjå på kva som gjer jorda så unik. For det er ganske mange spennande grunnar til at det er liv akkurat her og ikkje på dei andre planetane.

- Det er mange faktorar som må vere på plass for at folk kan bu på ein planet. På Sommarlab skal vi lære borna om dei viktigaste av dei.
Hanne S. Finstad grunnleggjar av Forskerfabrikken

Kvar kursdag har eit overordna tema som magnetisme, vatn osv. I løpet av veka skal borna få teste mange morosame eksperiment og aktivitetar som forklarar og viser korleis dette heng saman med livet på jorda.

Gode råd frå ein astronaut
Forskerfabrikken trur kunnskapsrike born vil skape ei betre verd når dei veks opp. For å få betre forståing av verdsrommet, har dei snakka med Skandinavias første astronaut. Christer Fuglesang sine forteljingar frå si tid på romstasjonen ISS har lagt grunnlaget for mykje av kursinnhaldet.

- På Sommarlab i år vil borna få ei betre forståing for verda som omgir dei. Forhåpentlegvis greier vi å vise at jorda er eit stort økosystem som vi må ta vare på saman, fortel Finstad.

Eksperiment vulkan
Eksperiment vulkan
Eksperiment forskning
Eksperiment forskning
Eksperiment alginat
Eksperiment alginat

Eit samarbeid for å spreie realfagsglede
Forskerfabrikken trur behovet for folk som kan og vil jobbe med realfag vil fortsetje å auke. Samarbeid for å vekkje born sine interesser for fagfeltet ser dei difor som «vinn-vinn» for alle. Med på laget er fleire lokale krefter som Sparebanken Møre og Tussa.

- På Sommarlab får barna vere med på ei veke med spennande aktivitetar som også gir dei ein smakebit på Tussa sine fagområde. Vi er store innanfor fagområda fornybar energi, installasjon og IKT, og dette er område som er i vekst. Sommarlab føyer seg inn i rekkja av gode fritidstilbod for barn, og bidreg til eit større mangfald slik at alle skal kunne finne noko som interesserer dei, seier Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa.

Livet på jorda og at vi må ta vare på planeten vår er ein viktig del av Tussa sitt samfunnsansvar, og det er fint å støtte ein aktivitet som tek opp temaet på ein morosam og lærerik måte.
Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa

Fem fakta om Forskerfabrikken sin Sommarlab:

  • Sommarlab er eit fem-dagars forskarkurs for born på 4.–6. trinn.
  • 9 av 10 føresette ville sendt borna på Forskerfabrikken sin Sommarlab ein gong til.
  • Alle deltakarar får eige forskarutstyr, t-skjorte og oppgåvehefte.
  • Forskerfabrikken er ein sosial entreprenør som spreier realfagsglede og -forståing til born over heile landet: www.forskerfabrikken.no
  • Kurset i Herøy vert sett opp i veke 32 på Møre barne- og ungdomsskule.
  • Det kjem meir informasjon snart om tid og stad for kurset i Volda.