Kva leitar du etter?

FJORDNORWAY NORDFJORD SKAALA 20048 web
Det blir folkefest og jubileum når Skåla Opp blir arrangert for siste gong 13. august. (Foto: www.skaala.no)

Tussa støttar Skåla Opp

25.01.2022

Tussa er med på laget som sponsor og støttespelar når Skåla Opp vert arrangert for 20. og siste gong 13. august 2022.

La Sportiva Skåla Opp har vore eit av dei fremste arrangementa i verda innan motbakkeløp, og eit fyrtårn innan motbakkeløp i Noreg. Over åra har heile 23 000 deltakarar frå 25 ulike land vore med, mellom dei mange av verdas beste motbakkeløparar. I tillegg har Skåla Opp trekt til seg hundrevis av turgåarar i trimklassen, som har skapt stemning langs løypa og jubel ved målstreken.

- Det har vore kvass kniving om å vinne Skåla Opp og sette nye løyperekordar. Vi har hatt OL-, VM- og EM-vinnarar frå fleire ulike idrettar inkludert den lokale skiskyttarhelten Johannes Thingnes Bø. Men dei som verkeleg lagar showet i Skåla Opp er mosjonistane. Dei startar utan tidtaking tidleg på morgonen, og er på toppen ved Skålatårnet og Skålabu 1843 m.o.h. når konkurranseløparane kjem stormande i mål. På det meste har det vore over 1 100 trimmarar på toppen og laga flott stemning når nesten 800 konkurranseløparar kjem over målstreken, seier Christian Prestegård, initiativtakar og sponsoransvarleg for Skåla Opp.

Folkefest på toppen (Foto: www.skaala.no)
Turgåarar skaper stemning på toppen av Skåla. (Foto: www.skaala.no)

Folkefest og jubileum 13. august

I år blir Skåla Opp arrangert for 20. og siste gong. Det er fleire årsaker til det, mellom anna at løpet går i ein nasjonalpark, utfordringar med veret så høgt til fjells og tryggleiksvurderingar. I 2016 og 2018 måtte målgangen flyttast 700 høgdemeter ned til Skålavatnet på grunn av uver.

- Dessutan passar det godt å avrunde Skåla Opp-eventyret med å feire 20-årsjubileum. Etter bygginga av Loen Skylift, har Loen fått eit nytt eldorado for å arrangere fjelløp, med mål på toppen av Loen Skylift, seier Prestegård.

- Deltakararekorden er frå 2014. Då var heile 1 935 løparar og trimmarar med på Skåla Opp
Christian Prestegård, arrangør og sponsoransvarleg for La Sportiva Skåla Opp

Planane for eit nytt fjelløp i Loen vil arrangøren kunngjere på premieutdelinga på Hotel Alexandra etter løpet.

- Vi ser fram til 13. august og vil feire Skåla-eventyret med eit stort jubileumsarrangement. Det er allereie stor interesse for å bli med på det siste Skåla Opp. Det er no berre 50 ledige plassar i konkurranseklassen . I trimklassen er det ikkje sett tak på tal deltakarar, så her er det berre å melde seg på. Med gode vermeldingar og utan koronarestriksjonar kan det vere mogleg å få over 1 500 deltakarar, trur Prestegård.

Folkefest på toppen (Foto: www.skaala.no)
Folkefest på toppen (Foto: www.skaala.no)
Skåla (foto: www.skaala.no)
Skåla (foto: www.skaala.no)
Skålatårnet (foto: www.skaala.no)
Skålatårnet (foto: www.skaala.no)

Tussa satsar i Stryn

Det er første året Tussa er sponsor av Skåla Opp.

- Stryn Energi har vore trufast støttespelar av Skåla Opp i mange år. No som Stryn Energi og Tussa har slått seg saman, og Tussa satsar i Stryn, er det naturleg at vi vidarefører sponsorengasjementet, seier Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa.

Tussa ønskjer å vere ein lokal og ansvarleg medspelar i kommunane som eig Tussa, og støttar kvart år over 200 ulike lag og organisasjonar i dei åtte kommunane.

- Skal vi skape attraktive lokalsamfunn å bu og arbeide i er vi avhengige av gode fritidstilbod. Vi er stolte over å kunne støtte både små og store lag og organisasjonar i området, og bidra til eit mangfald av kultur- og idrettsaktivitetar.