Kva leitar du etter?

Røyrhus kraftverk Ola Raknes lkvqztup9g
Ordførar Einar Arve Nordang trykte på knappen og sette kraftverket i drift.

Opning av Røyrhus kraftverk

03.11.2026

Over 80 personar møtte opp då vi inviterte til open dag og offisiell opning av Røyrhus kraftverk laurdag. Kraftverket er det femte Tussa eig og driv i Stranda kommune, og det var ordførar Einar Arve Nordang som sto for den offisielle opninga. 

Starta i 2013

Arbeidet med Røyrhus kraftverk starta i 2013 medan Stranda Energi eigde prosjektet. Konsesjonssøknaden vart sendt inn i desember 2015, og 29. mars 2019 vart det gitt endeleg løyve til å byggje kraftverket. Det gjekk nokre år før det vart teke investeringsavgjerd. Då Stranda Energi seinare vart fusjonert inn i Tussa, vart det vedteke å realisere prosjektet. Anleggsarbeidet starta i mars 2024.

Røyrhus kraftverk har ei installert effekt på 2 MW og ein berekna middelårsproduksjon på 6,5 GWh. Dette svarar til det årlege straumforbruket til rundt 310 husstandar.

Røyrhus kraftverk Arne Inge Tryggestad 3wlxg89y1j
Takk til alle som kom og feira Røyrhus kraftverk med oss!

Lokale leverandørar

Prosjektet er gjennomført i samarbeid med ei rekkje lokale og regionale leverandørar. Opshaug har vore hovudentreprenør, HBV har utført betongarbeida, Energiteknikk har levert turbin og aggregat, medan Eide Consult har stått for prosjekteringa. I tillegg har mellom andre HT-Bygg, Engeset Mekaniske, Tussa Installasjon, Malermester Lindvik, Egset Ventilasjon og Stranda Ventilasjon bidrege i prosjektet. Totalt har Tussa nytta eller handla med 63 lokale leverandørar gjennom utbygginga.

Rik kulturhistorie

Røyrhus kraftverk ligg øvst i vassdraget frå Røyrhus til Ringdal og er eitt av fire kraftverk i dette vassdraget. Området har ei rik kulturhistorie. Under arbeidet vart det oppdaga spor etter kverndrift, og Tussa har teke vare på gamle kvernsteinar. Desse skal stillast ut ved kraftverket. Det er også planar om informasjonsskilt som skal fortelje om historia langs elva og kverndrifta i området. 

Røyrhus kraftverk Frank Sanden vxvbnyu8fe
Røyrhus kraftverk Ola Raknes dqyvqmtjvs
Røyrhus kraftverk Frank Sanden v5vl6xb3y7
Røyrhus kraftverk Katrine cixrcth6n5
Røyrhus kraftverk Katrine yyua5yzcjf
Røyrhus kraftverk Katrine ofxzunq9um
Røyrhus kraftverk Katrine 6kk54jnvrl
Røyrhus kraftverk Mariann Sanden fmypev88ln
Røyrhus kraftverk Ola Raknes qo3s5gjhb9
Røyrhus kraftverk Mariann Sanden c3hnckbm0d