Kva leitar du etter?

Nias
Senteret skal bli ein arena for samhandling, kunnskapsutveksling og tverrfagleg innovasjon.

Tussa støttar etableringa av innovasjonssenter ved Høgskulen i Volda

12.05.2023

Når Norsk Innovasjonssenter AS flyttar inn på Volda Campus er det med Tussa på laget. Tussa bidreg med 300 000 kroner til senteret.

Med næringslivet på laget

Norsk Innovasjonssenter er i dag eigd av Sunnmøre Kulturnæringshage, og planen er å hente inn kapital frå Volda kommune, Møre og Romsdal Fylkeskommune og ulike næringslivsaktørar i regionen. Selskapet vil stå som ein av fleire leigetakarar i bygget som Volda Utvikling AS skal realisere i Aasenkvartalet på høgskuleområdet.

Eit kraftsenter for innovasjon

– Etablering av innovasjonssenter i Volda og på campus er viktig for regionen. Her vil vi få ein sterk arena for samhandling, kunnskapsutvikling og tverrfagleg innovasjon til nytte for næringslivet, kommunar, studentar og fagmiljøet ved Høgskulen i Volda. Vi ser at det planlagde innhaldet i senteret er relevant for Tussa og forretningsområda våre, som er IKT, fornybar energi og installasjon. Vi ser fram til eit styrka samarbeid mellom innovasjonssenteret, høgskulen, næringslivet og Tussa, seier Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa.

– Vi er svært glade for den gode dialogen vi har hatt med Tussa i etableringsfasen av Norsk Innovasjonssenter, og ikkje minst bidraget dei gir ved å gå inn med 300 000 kroner til prosjektet. Dette bidreg til at planane kan setjast ut i livet og at innovasjonssenteret vert realisert, seier ordførar Sølvi Dimmen i Volda kommune. ​​​​​​​