Tussa sponsar festivalsommaren
Sol og sommar betyr for mange å gå på festival. På søre Sunnmøre er vi heldige og har eit rikt utval av festivalar innanfor musikk, kultur og natur. Tussa er stolt sponsor av små og store festivalar.
Den gode stemninga og folkelivet 17. mai var ein god opptakt til festivalsommaren 2022. Akkurat som å kunne feire nasjonaldagen saman, er festivalar, og det å kunne oppleve musikk, kultur og natur saman med andre, noko vi har sakna.
Trebaatfestivalen, Naturfestivalen, Trandal Rock, Trandal Contry og Trandal Blues, Sunnmøre kammermusikkfestival, Skåla Opp, Blåfelden Rett Opp, Melshornløpet, Sommarljom, Kong Arthurspelet, Indiefjord og Tonehimmel. Dette er nokre av dei arrangementa Tussa støttar i år. Tussa si sponsorverksemd skal skape engasjement og eit mangfaldig kultur- og idrettsliv på søre Sunnmøre.