Kva leitar du etter?

BD 0226
Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT

Tussa satsar offensivt på IT-tenester frå Azure og treng 10 nye medarbeidarar

04.04.2022

Tussa har vedteke ei strategisk satsing om å tilby bedriftsmarknaden IT-tenester frå Microsoft Azure. Parallelt vil Tussa vidareføre satsinga på eige datasenter. Målet er ei omsetning på over 50 mill. kr knytt til Azure i løpet av nokre år.

Satsinga styrkjer Tussa sin posisjon som totalleverandør av IT-tenester. Målet er å levere komplette bedriftsløysingar basert på nettskya Microsoft Azure, IT-tenester frå eige datasenter, i tillegg til IT-sikkerheit og ein profesjonell servicedesk.

- Løysingar frå Azure vil vere viktig for bedrifter som har behov for digitalisering, skalerbare løysingar, samhandling og innovasjon. Azure består av over 200 produkt og tenester. I tillegg har Microsoft eige datasenter i Noreg, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

BD 0706
Tussa leverer komplette bedriftsløysingar og har servicedesk med høg kompetanse

Lokalt, sky og hybrid
Tussa har arbeidd med datasenterteknologi i mange år, er sertifisert Microsoft Gold-partnar og ISO-sertifisert innanfor IT-sikkerheit. I fjor omsette IT-området for 100 mill. kr. Leveransane av Azure-tenester har allereie starta til dei første kundane. Mellom anna får 150 kundar levert Microsoft 365-tenester frå Azure. Totalt leverer Tussa i dag IT-tenester til over 250 bedrifter.

- Fleksibilitet er viktig, og vi designar den løysinga som til ei kvar tid er best for kunden. Nokre vil få tenestene frå Azure, andre frå datasenteret vårt, medan mange vil vere best tent med ei hybrid løysing, der noko blir levert frå Azure og resten frå datasenteret vårt, meiner Driveklepp.

Tussa datasenter
Tussa datasenter
Tussa datasenter
Tussa datasenter
IT-tenester frå Tussa
IT-tenester frå Tussa

Framleis vekst i datasentertenester
Etter at Tussa opna nytt og framtidsretta datasenter i 2015 har selskapet opplevd stor vekst innanfor datasentertenester, og denne veksten meiner Driveklepp vil halde fram. Kostnadsbiletet, problemstillingar innanfor personvern og ulike regulatoriske krav som bedrifter må rette seg etter, er nokre av årsakene til at mange brukar Tussa sitt lokale datasenter.

- Vi la stor vekt på miljø då vi bygde datasenteret, mellom anna ved at all overskotsvarmen frå serverane blir nytta til oppvarming av kontorbygg. Berekraft og miljøperspektivet veg stadig tyngre når bedrifter skal velje samarbeidspartnar innanfor IT, og dette er også eit argument for å velje IT-tenester frå Tussa. Tussa legg vekt på å integrere miljøomsyn i heile verksemda, og no er vi i gang med å ISO-sertifisere oss innanfor miljøleiing, fortel Driveklepp.

Ti nye stillingar
Satsinga på Azure medfører at Tussa i første omgang har behov for om lag 10 nye medarbeidarar innanfor område som strategisk rådgjevar, løysingsarkitekt, sikkerheitskonsulentar og Azure-konsulentar. Stillingane vil bli lyst ut med mogleg oppmøtestad i Ørsta, Ålesund, Fosnavåg eller Stryn. Tussa har i dag om lag 80 medarbeidarar som jobbar innanfor områda IT og fiber.