Kva leitar du etter?

Kleven Øyvind web
Øyvind Kleven leier den maritime avdelinga som leverer maritim elektro og skipselektronikk

Tussa samlar den maritime kompetansen i Fosnavåg

10.06.2026

Tussa Installasjon si satsing på maritim elektro og maritim skipselektronikk er no i full drift i Fosnavåg. Med styrkt kompetanse og fleire fagfolk samla på éin stad, står Tussa godt rusta til å hjelpe den maritime næringa i regionen.

Den nye maritime satsinga til Tussa Installasjon på Mjølstadneset er no operativ. Etter at IF Elektro og Proton Elektro vart ein del av Tussa, er fagmiljøet samla i Fosnavåg. Her er det kompetanse innan installasjon, avansert skipselektronikk og styresystem, tett på skipsleia og kundane. 

– For kundane betyr dette kortare veg til hjelp og meir heilskaplege løysingar. Vi kan ta ansvar for større delar av leveransen, og vi er tett på når det trengst, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon.

Lokal leverandør til ei viktig næring

Den maritime næringa er ein berebjelke i regionen, og behovet for stabile og kompetente leverandørar er stort. Med lokal base i Fosnavåg kan Tussa effektivt følgje opp verft, reiarlag og servicekundar. 

– Vi har bygt opp ei maritim avdeling leia av Øyvind Kleven. Vi har også lærlingar knytte til avdelinga. Målet er å ha eit solid fagmiljø som tek vare på viktig kompetanse, samstundes som vi utviklar nye fagfolk og gjer oss klare for ei næring i rask endring, seier Stenersen.

Tussa Installasjon avd Fosnavåg Stenersen Kleven Oterhals Frøystad Olsen Rebbestad Slettestøl
Med base i Fosnavåg: Roar Stenersen, Øyvind Kleven, Terje Oterhals, Idar Frøystad, Stig Morten Olsen, Paul-Erik Rebbestad og Gunnar Slettestøl er sentrale i Tussa si maritime satsing.

Kjend kompetanse i eit større lag 

Idar Frøystad, som i ein årrekkje har vore ein sentral aktør innan maritim skipselektronikk i området, er no ein del av laget i Tussa Installasjon.

– Kundane mine møter framleis folk dei kjenner, men no i eit større fagmiljø. Det gir betre løysingar for kundane, seier Frøystad.