Kva leitar du etter?

Elling Dybdal 2
Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa

Tussa med årsresultat på 70,9 mill. kr

08.04.2022

Årsresultatet for Tussakonsernet viser gode prestasjonar både innanfor kraftproduksjon, IKT og installasjon, og Tussa bidreg gjennom det til godt utbyte og skatteinntekter til eigarkommunane. Samla driftsinntekter i 2021 vart på 966,3 mill. kr, mot 855,7 mill. kr i 2020. Driftsresultatet vart 167,6 mill. kr, mot 162,6 mill. kr.

Tussa hadde eit resultat før skatt på 153,6 mill. kr, mot 134,8 mill. kr året før. Etter skatt er resultatet 70,9 mill. kr, mot 111,7 mill. kr. Alle forretningsområda viser auke i omsetninga i høve 2020, med ei total omsetningsauke på 110,6 mill. kr (12,9 prosent). Innanfor kraftproduksjon er auken spesielt stor, noko som i hovudsak skuldast høgare kraftprisar enn året før.

- Årsresultatet for Tussa er prega av den uvanleg store prisdifferansen på straum som oppstod mellom den sørlege og nordlege delen av Skandinavia. Prisområda sør for Møre og Romsdal har hatt betydeleg høgare prisar enn i området vårt og nordover. Den oppnådde prisen på kraftproduksjonen vart likevel 36,0 øre/kWh i 2021, mot 15,4 øre/kWh i 2020. Det gjer at driftsresultatet for kraftproduksjon vart 76 mill. kr høgare enn i 2020, seier Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa.

Kraftproduksjon
Tussa sine vasskraftverk hadde høg oppetid og lite driftsavbrot i 2021, og det vart produsert 609 GWh elektrisk kraft. Til samanlikning vart det produsert 816 GWh i 2020. I 2021 var gjennomsnittleg spotpris i området vårt 42 øre/kWh mot 10 øre/kWh i 2020.

Kraftproduksjonen fekk eit driftsresultat på 77,7 mill. kr, og resultat før skatt på 86,3 mill. kr.

Standal kraftverk
Standal kraftverk

Installasjon og IKT

Driftsresultatet for installasjonsverksemda vart 2,5 mill. kr i 2021, og resultatet før skatt vart 2,3 mill. kr. Resultatet er prega av at det framleis er hard konkurranse i installasjonsmarknaden og at materialprisane har auka.

- Utsiktene for forretningsområdet er likevel gode og vi ventar vidare omsetningsvekst. Det er stor teknologisk utvikling innanfor forretningsområdet, mellom anna innan ulike automasjons- og styringssystem. Vi opplever også auka interesse for miljøvenlege løysingar som til dømes solcelleleveransar. I 2021 kjøpte vi Stryn Elektro, som vil bli fusjonert inn i Tussa Installasjon i løpet av 2022, seier Dybdal.


Lyse utsikter for solcellepanel
Tussa Installasjon merkar auka etterspurnad etter solceller

Forretningsområdet IKT fekk eit driftsresultat på 30,7 mill. kr i 2021, medan resultatet før skatt vart 22,7 mill. kr. Tussa byggjer framleis ut fiber til kundane på søre Sunnmøre, og har i 2021 hatt godt samarbeid med kommunane om å få fiber ut til dei siste områda.

- Den geografiske dekningsgraden er no høg, og ein avgrensa restmarknad på søre Sunnmøre gjer at det vil bli mindre nye kundar i åra som kjem. I 2021 tok vi over fibernettet i Stryn kommune, som gradvis vil bli integrert med nettet på søre Sunnmøre. IT-området hadde ein omsetningsvekst på 11,4 prosent i 2021. I dag tilbyr vi hybride skyløysingar, konsulenttenester, handelsvarer og har eit energieffektivt og moderne datasenter. Dette gir rom for vidare vekst, meiner Dybdal.


BD 0395
Breibandspatruljen i Tussa IKT

Kjøp av Energiselskapet Stryn
Med verknad frå 1. juli 2021 vart Energiselskapet Stryn fusjonert med Tussa Kraft og Stryn kommune vart aksjonær i Tussa.

Utbyte
Utbytet som blir delt ut til eigarane skal vere forsvarleg i høve til det som er berekraftig for selskapet i eit langsiktig perspektiv. Styret føreslår å disponere 47,0 mill. kr til utbyte for 2021.

Nøkkeltal for Tussakonsernet

2021

2020

Driftsinntekter

966,3 mill. kr

855,7 mill. kr

EBITDA

321,5 mill. kr

302,7 mill. kr

Driftsresultat

167,6 mill. kr

162,6 mill. kr

Resultat før skatt

153,6 mill. kr

134,8 mill. kr

Resultat etter skatt

70,9 mill. kr

111,7 mill. kr

Ordinært utbyte pr. aksje

14 385 kr

14 691 kr

Eigenkapital

1 309,6 mill. kr

987,1 mill. kr

Eigenkapitalprosent

34,5 %

32,1 %

Totalkapitalrentabilitet

6,6 %

8,2 %