Kva leitar du etter?

Tussa og Stryn Elektro

Tussa kjøper Stryn elektro

16.12.2021

Tussa Installasjon AS har inngått avtale om å kjøpe alle aksjane i Stryn Elektro AS.

- Tussa Installasjon er eit solid selskap, og vi har tillit til at vi i fellesskap skal vidareutvikle dei gode kundeforholda vi har etablert.
Geir Olav Øvreseth, dagleg leiar i Stryn Elektro

Tussa Installasjon er den største og mest komplette elektroentreprenøren i distriktet, med 110 tilsette fordelt på avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg. Kjøpet av Stryn Elektro styrkar Tussa si satsing i Stryn, og etableringa av Tussa som ein sterk lokal aktør innanfor konsernet sine forretningsområde; energi, IT, kommunikasjon og installasjon.

Kjøpet skjer med verknad frå 1. januar 2022, og Stryn Elektro vil bli fusjonert inn i Tussa Installasjon i løpet av året. Dei 16 tilsette i Stryn Elektro vil halde fram i stillingane sine.

- Vi er godt fornøgde med at Tussa Installasjon kjøper Stryn Elektro. Tussa Installasjon er eit solid selskap, og vi har tillit til at vi i fellesskap skal vidareutvikle dei gode kundeforholda vi har etablert. Vi er også glade for at våre tilsette kjem inn i ei stor og framtidsretta verksemd som tek godt vare på medarbeidarane, seier Geir Olav Øvreseth, dagleg leiar i Stryn Elektro.

- Vi ser det som naturleg å etablere oss i Stryn. Det er god aktivitet i marknaden i Stryn og Nordfjord, og vi vil levere tenester både til privatpersonar, bedrifter og til prosjektmarknaden. Nærleik til kundane er viktig, og med kjøpet av Stryn Elektro får vi dyktige tilsette som kjenner marknaden godt. Stryn Elektro har skapt gode resultat og har hatt positiv resultatutvikling over tid. Vi gler oss til å kome i gong, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon.