Kva leitar du etter?

20260416 142641r

Tussa Installasjon opna nytt bygg i Ulsteinvik

17.04.2026

Torsdag 16. april vart Tussa Installasjon sitt nye bygg i Ulsteinvik offisielt opna. Ordførar Stian Skorgen Scheide sto for kabelklippen som markerte at bygget no er teke i bruk, og roste både satsinga og aktiviteten selskapet bidreg med i lokalsamfunnet. 

Det nye bygget husar i dag 45 medarbeidarar og erstattar dei tidlegare lokala på Skeide, som over tid hadde blitt både for små og utdaterte. Ifølgje avdelingsleiar Børre Brandal ville det kravd store investeringar å halde fram der. 

- Vi hadde vakse ut av dei gamle lokala og trong meir plass for vidare utvikling. No har vi fått eit moderne bygg med fasilitetar som gjer oss godt rusta for framtida, seier Brandal. 

Sentralt plassert

Bygget ligg sentralt plassert i enden av Saunesmarka, godt synleg frå fylkesvegen. Her er lager, kontor og fellesareal, i tillegg til treningsrom, badstove, garderobar, kantine og møterom. På taket er det montert solcelleanlegg med Tussa sitt eigenutvikla festesystem, SolarAnchor. 

20260416 140950r
20260416 142704r
20260416 141242r
20260416 141933r
20260416 144020
20260416 150848r

Vil vere ein attraktiv arbeidsgivar

Adm. direktør i Tussa Installasjon, Roar Stenersen, peikar på at dei nye lokala også spelar ei viktig rolle i rekruttering og i arbeidet med å halde på kompetanse. 

- Skal vi vere ein attraktiv arbeidsgivar og klare å rekruttere og halde på flinke folk, må vi tilby gode arbeidsforhold og eit godt arbeidsmiljø. Dette bygget er eit viktig bidrag til nettopp det, seier Stenersen. 

20260416 143907r
Tussa Installasjon har over 20 lærlingar i elektrofag. Her peikar Børre Brandal på det som skal bli eit øvingsrom for lærlingar som førebur seg til fagprøve.

Fagleg fokus på energilagring

Opningsdagen inneheldt også eit fagleg føredrag om energilagring og batteriløysingar for næringslivet. Her fekk dei frammøtte høyre korleis bedrifter kan bruke batteri til å jamne ut effekttoppar, redusere straumkostnader og skape nye inntekter gjennom deltaking i fleksibilitets- og reservemarknaden. Føredraget tok også føre seg korleis energilagring kan styrke lokal straumberedskap ved straumbrot. 

20260416 144711r
Solcelleanlegg i kombinasjon med batteriløysingar er eit høgaktuelt tema
IMG 2964 red perspektiv

Under opninga vart det også tid til omvisning i lokala, før markeringa avslutta med tid til drøs og servering av mat frå Kokk'n Roll.