Kva leitar du etter?

Kontraktssignering
Gunnar Slettestøl og Tommy Gjerde i Tussa signerer avtale med kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen i Herøy kommune. (Foto: Lene Huldal/Herøy kommune)

Tussa inngår rammeavtale med kommunar

09.01.2026

Tussa Installasjon har signert rammeavtale med Herøy kommune, Ulstein kommune og Ulstein Fjernvarme om levering av elektrikartenester med tilhøyrande materiell. Avtalen gjeld i to år, med opsjon på ytterlegare to år.

Avtalen omfattar eit breitt spekter av tenester, mellom anna:

  • Årleg kontroll av brannanlegg og naudlys
  • Service og installasjonsarbeid på elektro-, tele- og dataanlegg
  • Utskifting av gamle lysarmatur til moderne LED-belysning

– Vi er svært glade for å ha inngått ei solid rammeavtale med ein lokal leverandør som kjenner behova våre godt. Avtalen gir oss både forutsigbarheit og fleksibilitet, og kan nyttast til både små og større prosjekt. Tussa Installasjon er ein profesjonell aktør med gode tekniske løysingar og fokus på innovasjon og miljø, seier Herøy kommune på sine nettsider.

Vi takkar for tilliten og ser fram til samarbeidet!