Tussa Installasjon i nytt forretningsbygg i Ulsteinvik
Tussa Installasjon har flytta inn i nytt forretningsbygg i Saunesmarka. Større og meir funksjonelle lokale legg til rette for vidare vekst for Tussa si avdeling i Ulsteinvik, som i dag har 45 medarbeidarar.
- Det nye bygget har ei sentral plassering og moderne fasilitetar som gjer det enkelt for kundane å stikke innom. Vi hadde vokse ut av dei gamla lokala på Skeide, og trengde meir plass for å utvikle oss vidare.
Moderne og miljøvennleg
Bygget ligg sentralt ved fylkesvegen og er godt synleg for kundar. Her finn ein lager, kontor og fellesrom tilrettelagt for eit godt arbeidsmiljø og attraktive arbeidsplassar. Det er treningsrom, garderobar, kantine, møterom og kontor. På taket er det installert solcelleanlegg, der Tussa sitt eigenutvikla festesystem, SolarAnchor, er brukt i installasjonen.
Lokale leverandørar
Bygginga har vor eit samarbeid med fleire lokale leverandørar. Aurvoll og Furesund har stått for grunnarbeidet, HS Rise Bygg har hatt hovudentreprisen, Egset Ventilasjon har levert luftbehandlingsanlegget, og Svein Roppen har handtert vatn- og sanitæranlegga. Dei elektrotekniske installasjonane har Tussa gjort sjølve.
- Vi har lagt vekt på å nytte lokale leverandørar og miljøvennlege løysingar det er det er mogleg. Det styrkar både fagmiljøa og verdiskapinga i regionen, seier Stenersen.