Kva leitar du etter?

Tussa 2026 2028 2

Tussa har signert ny samarbeidsavtale med Hødd Fotball

03.03.2026

Hødd Fotball og Tussa er samde om ein ny avtale som strekkjer seg ut 2028-sesongen.

Tussa er ein svært viktig samarbeidspartnar for Hødd Fotball. Dei deler mange av dei same verdiane som oss, og har over tid vist eit stort engasjement for både klubben og lokalsamfunnet.
André Aurvåg Gardshol, Hødd Fotball

Med avtalen på plass held Tussa fram som hovudsponsor for klubben, og partane forsterkar eit samarbeid som har vore viktig for begge over lang tid.

Utviklar klubben vidare

- Det at vi no har forsterka samarbeidet og får med Tussa vidare som hovudsponsor dei neste tre åra, betyr mykje for den vidare utviklinga av klubben. Vi takkar Tussa for gode samtalar, og ser fram til å vidareutvikle samarbeidet dei komande åra, seier marknad og medieansvarleg i Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol.

Avtalen gir Hødd Fotball tryggleik og føreseielege rammer i arbeidet med å utvikle klubben vidare, både sportsleg og organisatorisk. Samstundes stadfestar avtalen Tussa sitt langsiktige engasjement for lokal idrett og samfunnsutvikling på Søre Sunnmøre. Tussa har lange tradisjonar for å bidra til berekraftig utvikling, verdiskaping og samfunnsbygging i regionen. 

Viktig møteplass for mange

– Vi i Tussa er glade for å vidareføre samarbeidet med Hødd Fotball. Hødd tek stort ansvar i lokalsamfunnet, og det engasjementet deler vi. Klubben legg til rette for aktivitet, inkludering og meistring for barn, ungdommar og andre som treng det. Slik blir Hødd ein viktig møteplass for mange, og eit fellesskap vi gjerne støttar, seier Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa.

Hødd Fotball ser fram til å halde fram det gode samarbeidet og skape nye, positive opplevingar saman med Tussa i åra som kjem.