Kva leitar du etter?

Hareid IL 2

Tussa er hovudsponsor for Hareid IL i tre nye år

06.10.2022

Tussa og Hareid IL har forlenga samarbeidet og signert sponsoravtale for tre nye år. Tussa har i ei årrekkje støtta idrettslaget på Hareid, som har 766 aktive medlemmar fordelt på fotball, handball, friidrett og turn.

​​​​​​​- Vi har eit godt samarbeid med Hareid IL og er glade for å kunne støtte opp under aktiviteten til eit av dei største idrettslaga på søre Sunnmøre. Hareid IL sin visjon om å vere stolt av Hareid, å vere inkluderande og skape eit trygt og godt fellesskap og oppvekstmiljø, går godt saman med Tussa sin visjon og mål. Tussa ønskjer å vere ein lokal og ansvarleg medspelar, som bidreg til å skape aktivitet og trivsel i lokalsamfunna på søre Sunnmøre, seier Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa.

- Vi er svært godt nøgd med at Tussa vil være med på laget i tre nye år. Støtta vi får frå dei er heilt avgjerande for at vi kan gi barn og unge eit godt idrettstilbod her på Hareid.
Ola Kalvø Vattøy, dagleg leiar i Hareid IL
Ola Kalvø Vattøy dagleg leiar Hareid IL
Ola Kalvø Vattøy, dagleg leiar i Hareid IL. (Foto: Hareid IL)

Tussa har gjennom mange år vore ein støttespelar for barn- og ungdomsaktivitet på søre Sunnmøre, både innanfor kultur, musikk og idrett. Dei siste åra har over 100 lag og organisasjonar fått sponsorstøtte frå Tussa. Den bærande tanken bak Tussa si sponsorverksemd er å bidra til attraktive lokalsamfunn på søre Sunnmøre.

Lokalt engasjement

Tussa har eit sterkt samfunnsengasjement på fleire plan. Visjonen vår er å ha kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi er opptekne av at Tussa skal vere til det beste for menneska, miljøet og samfunnet rundt oss.