Kva leitar du etter?

20210826 135142
No får alle husstandar på Runde tilbod om fiber

Tussa byggjer ut fiber til Goksøyr

04.05.2022

Tussa og Herøy kommune har inngått ein avtale om å byggje ut fiber til Goksøyr på Runde i Herøy. Med denne utbygginga får alle husstandane på Runde tilbod om fiber. Utbygginga vil starte før sommaren, og kundane blir kopla opp i løpet av sommaren og hausten 2022.

Avtalen mellom Tussa og Herøy kommune sikrar utbygging av fiber til om lag 20 kundar i Goksøyr. Fiberutbygginga har ein totalkostnad på 1,3 mill. kr, og er eit spleiselag mellom Tussa, Herøy kommune og statlege midlar. Herøy kommune og staten bidreg med 0,9 mill. kr.

- God infrastruktur er ein føresetnad for bulyst og etableringar, og i det digitale samfunnet er breiband ein faktor på linje med vatn og straum. Herøy får med denne utbygginga moglegheit for høghastigheits-breiband til alle privathusstandar i kommunen.
Bjørn Prytz, ordførar i Herøy
20211028 105315
Fiberutbygging på Runde

- Dette er eit samfunnsmessig godt prosjekt, og det er gledeleg at samarbeid mellom Herøy kommune og Tussa fører til at alle på Runde får fiber. Som lokal fiberutbyggjar føler vi eit ansvar for å bidra til at så mange som mogleg i området vårt får fiber, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

Fiber til fritidsbustader

Det er mange fritidsbustader og planar om fritidsbustader på Runde og i Goksøyr. Utbygginga vil leggje til rette for at mange av desse også vil få tilbod om fiber.

Fiberutbygging på Runde
Mange fritidsbustader får også tilbod om fiber