Kva leitar du etter?

20201111 OCLIN DSC4599
Bilete frå då Tussa la fiberkabel til Urke (Foto: Oclin)

Tussa byggjer ut fiber til fleire bygder i Ørsta

31.05.2022

Tussa og Ørsta kommune har inngått ein avtale om å byggje ut fiber til Digernes, Festøya, ytre Standal, Trandal, Masdal, Rot, Flåvika og Flåskjer. Salet av fiber til dei om lag 70 husstandane og bedriftene startar til sommaren, og utbygginga vil vere ferdig sommaren 2023.

Fiberutbygginga har ein total kostnad på 13,3 mill. kr og er eit spleiselag mellom staten, Ørsta kommune, Tussa og innbyggjarane i bygdene. Ørsta kommune har fått tilsegn om 7,7 mill. kr i offentleg støtte til prosjektet og går sjølv inn med 1,7 mill. kr. I tillegg går Tussa inn med 2,3 mill. kr, og eigeninnsatsen frå innbyggjarane er kalkulert til 1,6 mill. kr.

I samband med utbygginga blir Telia si mobilmast på Trandal kopla til fibernettet, og det same gjeld Trandal kraftverk. I tillegg vert det etablert ein ny fiberring, som vil betre forsyningstryggleiken til Tussa sine fiberkundar på Vartdal.

Forventar godt sal
Utbygginga er delt opp i fire område og blir gjennomført med atterhald om at ein når salsmåla i dei ulike områda. Skulle ein ikkje nå målet i eit område, vil Tussa likevel kunne byggje ut fiber i resterande område som når salsmåla. Dei fire områda er:

  • Festøya - Ytre Standal - Trandal
  • Digernes
  • Masdal - Rot
  • Flåvika - Flåskjer

​​​​​​​- Erfaringa vår etter 13 år med fiberutbygging er at innbyggjarane ønskjer fiber og at oppslutnaden er god. Vi kjem til å kontakte innbyggjarane enten på telefon eller ved å kome på besøk. Får vi realisert denne utbygginga, vil over 99 prosent av husstandane i Ørsta ha tilbod om fibertilknyting, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

- Når vi etter denne utbygginga vil ha ein dekningsgrad på over 99 % med tilbod om fibertilknyting, så er det veldig bra.
Bjørn Anders Heggen, spesialrådgjevar IKT i Ørsta kommune

Driveklepp takkar Ørsta kommune for godt samarbeid, både i dette prosjektet og i tidlegare prosjekt i kommunen.

- Ørsta kommune er godt nøgd med at vi no kan få realisert utbygging av breiband til fire nye område i kommunen, som ikkje tidlegare har fått tilbod om fibertilknyting. For Ørsta kommune er det svært viktig at så mange som mogeleg av innbyggjarane våre får tilbod om breibandstilknyting med god kapasitet. Når vi etter denne utbygginga vil ha ein dekningsgrad på over 99 % med tilbod om fibertilknyting, så er det veldig bra. Ørsta kommune har god erfaring frå dei utbyggingsprosjekta vi tidlegare har gjennomført saman med Tussa, og vonar no at vi når salsmåla i alle dei fire områda, slik at utbygginga i alle fire vert ein realitet, seier Bjørn Anders Heggen, spesialrådgjevar IKT i Ørsta kommune.