Kva leitar du etter?

Sjøkabellegging i Hjørundfjorden
Fiberlegging i Hjørundfjorden. Dei nye utbyggingsområda i Volda kommune inneheld også fleire sjøkabelstrekk.

Tussa byggjer ut fiber til fleire bygder i Volda

21.02.2022

Tussa og Volda kommune har inngått ein avtale om å byggje ut fiber på strekningane Straumshamn – Bjørkedalen, Lauvstad – Velsvika og Høydalen – Sunndalen. Utbygginga vil starte i mars/april 2022.

Det er ei stor glede å kunne kome eit stort steg nærmare målet om fullverdig fiberdekning for heile kommunen.
Paul Ottar Tornes, digitaliseringsrådgjevar i Volda kommune

I desse områda som no får tilbod om fiber er det om lag 300 husstandar. Dersom alt går etter planen vil dei ha installert fiber i løpet av 2022.

- I Volda kommune skal innbyggarar, næringsdrivande og besøkande oppleve at kommunikasjonen med omverda er god. Eit godt digitalt nett er ein føresetnad for at dette skal kunne skje. For å ruste samfunnet for framtida er det viktig med breibandutbygging i heile kommunen, og det er difor ei stor glede å kunne kome eit stort steg nærmare målet om fullverdig fiberdekning for heile kommunen. Fiber og gode kommunikasjonsløysingar er viktig for å kunne oppretthalde busetnad og å kunne drive bedrifter på bygdene, seier Paul Ottar Tornes, digitaliseringsrådgjevar i Volda kommune.

Finansiert av Volda kommune og Tussa

Fiberutbygginga har ein totalkostnad på 18,7 mill. kr og er eit spleiselag mellom Volda kommune og Tussa. Volda kommune har søkt og fått tilskot på 3,6 millionar kroner frå den statlege tilskotsordninga for fiberutbygging, og bidreg i tillegg med 1,2 mill. kr. Resten av utbygginga vert finansiert av Tussa.

- Dette er eit samfunnsmessig godt prosjekt, og det er gledeleg at samarbeid mellom Volda kommune og Tussa fører til at fleire får fiber. Som lokal fiberutbyggjar føler vi eit ansvar for å bidra til at så mange som mogleg i området vårt får fiber. I løpet av 2022 vil rundt 99 prosent av hushalda på søre Sunnmøre ha moglegheit til å knyte seg til fibernettet, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

Fiber til fritidsbustader

Det er mange fritidsbustader i desse områda. Tussa vil også tilby fiber til mange av desse, utan bruk av offentlege midlar. Fiberutbygginga vil også leggje til rette for å føre fiber fram til Telia sine mobilmaster. Dette vil bidra til at mastene får ei sikrare og raskare internettilkopling, og kan levere den kapasiteten som mobilkundane krev framover.

Utbyggingsområda
Områda i Volda kommune som no får fiber.