Kva leitar du etter?

Telia Play Nettsidebanner Main Banner 620x2800

Telia Play utan TV 2

01.03.2025

Vår TV-leverandør Telia, har siste tida vore i TV-forhandlingar med TV 2 og har ikkje vorte samde om ein vidare TV-avtale, dermed må Telia fjerne TV 2 sine kanalar og strøymetenester frå Telia Play.

Vi beklagar ulempene dette medfører kundane våre og gir automatisk 50 ekstra TV-poeng som er tilgjengeleg i valmenyen.
Alternativt kan ein velje 109 kroner i månadsrabatt, som tilsvarer månadsprisen på eit TV 2 Play Basis-abonnement.

Ønskjer du som kunde månadsrabatt i staden for 50 poeng, gjer følgande:

  1. Send inn kontaktskjema (bruk same kontaktinfo du bruker som kunde), klikk av for TV og skriv i kommentarfeltet: Eg ønskjer 109 kroner i månadsrabatt i staden for 50 poeng.
  2. For at kundesenteret kan svitsje om og gi rabatten, må dei 50 poenga som du automatisk fekk tildelt stå ledig. Har du allerede tatt i bruk poenga, legg du desse tilbake før du sender inn skjema.
  3. Kontakt kundesenteret 70 04 63 00 om du ikkje har muligheit for å sende inn skjema. Det er for tida stor pågang på telefon så vi anbefaler at du nyttar kontaktskjema.

Dei ekstra TV-poenga kan ein bruke til å velje mellom eit stort utval TV-kanalar og strøymetenester.

Du kan framleis sjå innhald frå TV 2, men då må du teikne eit eige abonnement på strøymetenesta TV 2 Play.
Dette kan du gjere her: https://play.tv2.no/velkommen.

Telia ønskjer å kome til semje med TV 2 om ein berekraftig avtale som sikrar kundane våre valfridom og tilgang til det innhaldet dei ønskjer å sjå.

Oppdatert informasjon om saka finn du på https://www.telia.no/tv/tv-2-i...

Vel så ofte du vil

  • I tv-tilbodet vårt får du poeng som du kan bruke til å velje det innhaldet du vil ha. Dermed kan du skreddarsy tv-pakken din.
  • Byt ut kanalar du ikkje er interessert i med nye strøymetenester og filmbibliotek, eller oppdag nye kanalar.
  • Vel så ofte du vil - utan ekstra kostnad.

Val av kanalar og tenester gjer du ved å bruke valmenyen for TV på teliaplay.no eller direkte på Telia box.

Vanlege spørsmål

  • Som kunde har du fått 50 ekstra TV-poeng, som er tilgjengelege i valmenyen. Desse kan du bruke til å velje mellom eit stort utval TV-kanalar og strøymetenester.

    Alternativt kan ein velje 109 kroner i månadsrabatt, som tilsvarer månadsprisen på eit TV 2 Play Basis-abonnement.

    Ønskjer du månadsrabatt i staden for 50 poeng, gjer følgande:

    1. Send inn kontaktskjema (bruk same kontaktinfo du bruker som kunde), klikk av for TV og skriv i kommentarfeltet: Eg ønskjer månadsrabatt på 109 kroner i staden for 50 poeng.
    2. For at kundesenteret kan svitsje om og gi rabatten, må dei 50 poenga som du automatisk fekk tildelt stå ledig. Har du allerede tatt i bruk poenga, legg du desse tilbake før du sender inn skjema.
    3. Kontakt kundesenteret 70 04 63 00 om du ikkje har muligheit for å sende inn skjema. Det er for tida stor pågang på telefon så vi anbefaler at du nyttar kontaktskjema.
  • Følgande TV-kanalar og straumetenester blir råka:

    • Faste TV-kanalar: TV 2 Direkte, TV 2 Zebra, TV 2 Livsstil og TV 2 Nyheiter
    • TV-kanalar som kan veljast inn: TV 2 Sport 1 og TV 2 Sport 2
    • TV-kanalar i tilleggspakkar: TV 2 Sport Premium, TV 2 Sport Premium 2, Hits, Stars og SF-kanalen
    • Straumetenester: TV 2 Play (med og utan reklame) og Nordisk Film+

    Kundar som har tilgang til TV-kanalar i tilleggspakkar, vil ikkje bli fakturerte så lenge det ikkje ligg føre ein avtale.

  • Kundar som ønskjer det, kan framleis få tilgang til TV 2, men då må dei teikne eit eige abonnement på straumetenesta TV 2 Play. Dette kan gjerast her: https://play.tv2.no/velkommen.

    Merk at TV 2 Play ikkje vil vere tilgjengeleg via Telia Play-appen, så du må bruke TV 2 Play-appen direkte på Telia-boksen.

  • Kundar som har tilgang til TV-kanalar i tilleggspakkar, vil ikkje bli fakturerte så lenge det ikkje ligg føre ein avtale.

  • Telia ønskjer å kome til semje med TV 2 om ein avtale som sikrar kundane våre valfridom og tilgang til det innhaldet dei ønskjer å sjå – men det må vere på rimelege vilkår.