Sjå alle julefavorittane med Telia Play
Med Telia Play har du alle julefilmane samla på ein stad.
Vi har alle våre juletradisjonar, anten det er lukta av klementinar, årets julehefte med Knoll og Tott, eller for mange av oss: den eine, heilt spesielle julefilmen som MÅ på skjermen kvar desember.
Men i ei verd der innhaldet er spreidd på tvers av Netflix, HBO Max, Disney+, Prime og Viaplay med fleire, kan det fort bli til at ein teiknar fleire abonnement enn ein eigentleg treng.
Med Telia Play slepp du dette. Du betalar ein fast pris for TV-pakken, og vel heilt sjølv kva strøymetenester du vil ha inn, og når.
- Ønskjer du å sjå Alene Hjemme som kun finnast på Disney+? Null problem, du vel inn TV 2 Play Favoritt med Disney+ kun for i kveld.
- Vil du sjå den kritikarroste Netflix-originalen Hjem til jul? Klart det, Netflix ligg klar i Valmenyen.
- Kva med juleklassikarane Love Actually eller Polarekspressen på Viaplay? Eit klikk unna.
Du styrer alt på TV-boksen eller i Telia Play-appen, og du registrerer deg berre første gong du tek tenesta i bruk. Og når du er ferdig kan du berre byte tilbake.
I Telia Play finn du ei samling med julefilmar, med alt frå gode gamle juleklassikarar for store og små, til julefilmar som eigentleg ikkje er julefilmar (eg ser på deg, Die Hard).
Og eit lite tips: er du lei av å bla gjennom alle strøymetenestene før du finn filmen du leitar etter? Viss du søkjer på TV-boksen eller i Telia Play-appen søkjer du i alle strøymetenestene samtidig (til og med NRK TV). Då kan du med eitt klikk starte filmen eller hoppe til Valmenyen for å velje inn rett teneste.
Har du ikkje Telia Play enno? Les meir om TV-pakken vår her, eller sjå alle strøymetenestene som er inkludert her.
Vi i Tussa ønskjer deg ei god førjulstid!