Kva leitar du etter?

Brit Box stort

Britisk krim, drama og humor i Telia Play

01.10.2025

No får du tilgang til BritBox, strøymetenesta som er kjend for britisk drama, humor og krim i verdsklasse, direkte i Telia Play. I samband med lanseringa får alle Telia Play-kundar gratis tilgang til BritBox i 30 dagar.

Frå 30. september kan alle Telia Play-kundar sjekke ut strøymetenesta BritBox. Dette er den leiande strøymetenesta for britisk TV, og byr på ei unik samling av nøye utvalt underhaldning. Her finn du alt frå kritikarroste drama og mysterium til komediar, dokumentarar og livsstilsprogram.

Gratis i 30 dagar

I samband med lanseringa får alle Telia Play-kundar gratis tilgang til BritBox dei første 30 dagane. Du kan dermed utforske heile biblioteket utan å bruke poeng i valmenyen. Etter prøveperioden kan BritBox leggast til for 10 poeng, og du kan halde fram med å nyte det beste frå britisk TV.

Britisk kvalitetsinnhald

Strøymetenesta vart lansert i 2017 og er eigd av BBC, og er tilgjengeleg i USA, Canada, Australia og Norden. No vert den tilgjengeleg for alle Tussa sine TV-kundar etter ei avtale mellom BritBox International og Telia. I tenesta finn du både klassikarar, dokumentarar og nye originalseriar, samt eksklusivt innhald du ikkje finn nokon andre stader. For meir informasjon om tenesta kan du besøke britbox.com.

Lurer du på korleis du vel inn strøymetenester i Telia Play? Sjå brukarrettleiinga vår her.