Kva leitar du etter?

Poeng
TV

10 ekstra poeng i TV-pakken

13.10.2025

No får du 10 ekstra poeng i TV-pakken, som betyr at du kan velje inn enda fleire kanalar og strøymetenester samstundes.

Frå og med 9. oktober har du fått 10 ekstra TV-poeng som du kan bruke i Valmenyen. Samstundes går TV 2 Play Basis med reklame frå å vere ein fast del av TV-pakken til ein valfri teneste som kostar 10 poeng. I tillegg har du no moglegheit til å velje inn TV 2 Play Basis utan reklame for 40 poeng.

Kva betyr dette for deg?

Dersom du til dømes har hatt 50 poeng i TV-pakken har du no 60 poeng. Det betyr at du kan velje inn enda litt meir innhald samstundes. Du kan til dømes velje inn både HBO Max og Prime som kvar kostar 30 poeng, eller Netflix (50 poeng) pluss Britbox (10 poeng).

Dersom du har hatt 5 poeng i TV-pakken har du no 15 poeng. Det betyr at det blir mogleg å velje inn nokre av strøymetenestene med abonnementet ditt, som TV 2 Play med reklame og BritBox, som begge kostar 10 poeng.

Og sjølvsagt kan du velje inn og ut kanalar som du sjølv vil, når du vil – akkurat som før.