Kva leitar du etter?

Sebastian staines NV4 Yaq J2e ZY unsplash

Slik får du TV på påskefjellet

22.03.2024

Visste du at du kan ta med deg TV-kanalane dine på hytta? I alle TV-abonnementa våre får du med Telia Play-appen.

Med Telia Play kan du få med deg TV-augneblinka anten du er heime, på hytta eller på farten. Du får tilgang til alle TV- og strøymekanalane dine via Apple TV, PC/Mac, nettbrett og mobil.

Har du tilgang til internett på hytta?

For å sjå TV via Telia Play-appen treng du ei stabil internett-tilkopling. Nokre hytter kan få fiber, men mange må ty til 4G eller 5G. Då bør du hugse på at video brukar mykje data, og du bør passe på at du ikkje går tom for data, eller får store ekstrakostnader på mobilrekninga. Du kan følgje med på databruken i appen til mobiloperatøren din, og kjøpe ekstra datapakke dersom du treng det.

Dersom du har dårleg mobildekning på hytta, er det ikkje sikkert at du kan strøyme TV, film og seriar sjølv om du har appen. Dersom familien blir einige om årets påskekrim, kan ein i både Telia Play-appen og andre strøymetenester laste ned filmar og seriar på førehand, slik at ein kan sjå dei utan internett. Merk at dette berre fungerer i appen, og ikkje på nett-TV.

Stor eller liten skjerm

Etter ein lang skitur i påskefjellet er det litt ekstra stas å benke seg føre TV-en med eit påskeegg og god krim. Då er det kjekkast å få biletet opp på storskjermen enn å sjå det på mobilen. Då er det kjedeleg om du ikkje får kopla til skjermen.

Dersom du har med ein berbar PC, kan du som regel kople denne til TV-en med ein HDMI-kabel. Nokre mobiltelefonar kan òg koplast til TV-en, slik at du kan få opp mobilskjermen på TV-en, men dette krev som regel ein spesiell adapter.

Apple TV eller Chromecast kan vere ei god løysing dersom du ønskjer å unngå kabel. Begge desse treng internett, og dersom du har planar om å dele mobildata med desse, bør du ha med ei ekstra mobil eining: du kan nemleg ikkje caste til Chromecast med den same eininga som du deler mobildata frå.

Eit godt råd er å teste at det fungerer før du reiser heimanfrå. Slik er du sikker på at du har med deg alle kablar og einingar som du treng.