Kva leitar du etter?

Rebbestad Paul Erik 2
Paul-Erik Rebbestad leiar den maritime satsinga i Tussa Installasjon

Tussa styrkar den maritime satsinga med ny avdelingsleiar

20.11.2023

Tussa Installasjon styrkar nærværet i den maritime bransjen og har tilsett ein ny avdelingsleiar for den maritime satsinga. Han vil spele ei nøkkelrolle i å utvide Tussa Installasjon si portefølje og tenester innanfor den maritime sektoren.

Paul-Erik Rebbestad starta i Tussa Installasjon i september, og med bakgrunn frå aktørar som Brunvoll, Ulstein Power & Control og Eltorque, har han med seg solid erfaring frå den maritime næringa. Han vil vere ein viktig ressurs for å realisere selskapet sine ambisjonar innanfor den maritime sektoren.

-Vi ser det er aukande behov for elektroinstallasjonstenester innanfor denne sektoren, ogsvarar på eit behov i marknaden. Vi har i mange år levert tenester til havbruk og maritimindustri, og samlar no den maritime aktiviteten i ei eiga avdeling, seier Rebbestad, som ernøgd med å få tilliten til å ta leiinga på den maritime spissinga Tussa gjer no.

-Eg jobba i selskapet som montør frå 2006 til 2012 og kjenner såleis selskapet godt. Etternokre år på skule og verdifull erfaring frå maritime bedrifter, er eg nøgd med å vere tilbake.Tussa Installasjon har den naudsynte breidda og kompetansen for å vere ein god leverandørinnan det maritime segmentet, meiner han.

Regional satsing

Den maritime satsinga har tyngdepunktet sitt i Tussa sitt nye administrasjonsbygg i Fosnavåg, men med avdelingar i Ulsteinvik, Ørsta og Stryn er selskapet godt rigga til å ta i mot oppdrag i heile regionen.

-På Mjølstadneset er vi sentralt plassert i høve det maritime miljøet i Herøy, som er eit viktigområde for oss. I dag har vi kundar frå heile landet, endåtil nokre utanlandske kundar. Mendet er først og fremst regionalt vi ønskjer å bidra til verdiskaping, lage gode løysingar tillokale bedrifter, og ikkje minst ha ei høg servicegrad, seier Roar Stenersen, som er adm.direktør i Tussa Installasjon.

Ledige stillingar

Rekruttering av fleire nye medarbeidarar er ein del av satsinga, og Stenersen fortel at det er fleire ledige stillingar i Tussa Installasjon knytt både til det maritime og til andre forretningsområde.

- Vi jobbar innanfor alle segment av elektro, automasjon og IT. Oppdragsmengda aukar og vi har difor bruk for fleire skarpe hovud. Elektrikarar, automatikarar og ingeniørar innanfor elektro og automasjon kan gjerne ta kontakt, seier Stenersen.

Gode erfaringar

Tussa Installasjon har i mange år levert tenester innanfor havbruk og maritim sektor, der landbaserte oppdrettsanlegg, foringsflåtar, sjøanlegg og arbeidsbåtar er nokre av prosjekta dei har god erfaring med. Innanfor det maritime har det vore levert serviceoppdrag og nyinstallasjonar av sjarkar og arbeidsbåtar, og tenester til fiskeflåten. I den seinare tid har dei også utført større ombyggingsjobbar på supplybåtar som i dag blir nytta innanfor havbruk.