

Astronaut og AI på same scene
Verdsrommet kjem nærare enn nokon gong når Tussa inviterer til IT-konferansen Teknomagi i Ålesund. På scena står Jannicke Mikkelsen, Noreg sin første astronaut og fartøysjef på Fram2, som skal halde sitt første føredrag etter romreisa.
Med temaet «Vegen til verdsrommet» tek Mikkelsen publikum med bak kulissane i romfartslivet, og deler erfaringar frå ein kvardag der teknologi ikkje berre er verktøy, men livsnaudsynt. Ho kjem rett frå Los Angeles til NMK i Ålesund for å fortelje og inspirere.
– Ho har ei heilt unik historie. At vi får ho til Ålesund, som første stopp etter romferda, er stort, både for oss og for teknologimiljøet i regionen.
Teknomagi
Konferansen vil finne stad 12. juni på NMK i Ålesund, og vil samle leiande fagpersonar, innovatørar og teknologientusiastar frå heile regionen. Teknomagi er eit nytt konsept frå Tussa, etter to år med vellukka IT-cruise på Havila Kystruten.
Andre programinnslag på konferansen er Asgeir Vikanes, Finn A. Egeness, Pål Haugen og Arne Hjeltnes, som vil dele sine perspektiv på AI og teknologi. Digitaliserings- og forvaltningsminister, Karianne Oldernes Tung, vil kome med ei digital helsing. Programleiar på konferansen er Ålesund-forfattar og journalist Bjørn Vatne.
I tillegg til føredrag vert det paneldiskusjonar, temasesjonar og rikeleg med moglegheiter for å knyte kontaktar på tvers av fagfelt og bransjar

Tussa IKT
Tussa IKT er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Tussa IKT er ein totalleverandør av IT-tenester, og leverer løysingar basert på nettskya Azure og eigne datasentre i Ørsta og Sykkylven. I tillegg er selskapet ISO-sertifisert innanfor miljøleiing og IT-sikkerheit, leverer IT-sikkerheitstenester og har ein profesjonell servicedesk.
Tussa IKT sitt fibernett dekkjer søre Sunnmøre, Stryn, Stranda og delar av Sykkylven, og det blir bygt ut fiber til husstandar og bedrifter. Selskapet har 112 medarbeidarar og kontor i Ørsta, Ålesund, Sykkylven, Åndalsnes og Stryn.