Kva leitar du etter?

IMG 7043
Nordfjord Team Tussa på Noregscup i Ål første helga i januar.

Stolt sponsor av Nordfjord Team Tussa

11.01.2023

Møt Nordfjord Team Tussa. Dette er ungdommar frå ulike delar av landet som går på landslinja i skiskyting på Stryn vidaregåande skule. Når dei reiser på samlingar og renn er det som del av laget Nordfjord Team Tussa.

-Nordfjord Team Tussa er eit samarbeid mellom klubbane som har med løparar på laget, og vi har eit godt samarbeid med Stryn vidaregåande skule. Utan teamet hadde det blitt både dyrt og vanskelegare for utøvarane å kome seg rundt på nasjonale renn og få oppfølging under konkurransane. Utan Stryn vidaregåande hadde det vore vanskeleg for utøvarane å få trent nok, både i skuletida og på samlingar, i tillegg til skulearbeidet, seier John Roger Meland i Nordfjord Team Tussa.

I tillegg til dei to trenarane på landslinja, Anders Vonheim og Hans Martin Gjedrem, hjelper foreldra til løparane til under konkurransane, som reiseleiarar, med sekundering, på standplass, stavpost, oppfølging i start og mål, skismurning og logistikk for å få løparane fram og tilbake frå stadion og overnattingsstaden. På enkelte overnattingsplassar lagar dei også mat.

IMG 7035
IMG 7048
IMG 7036

Sportsleg tilbod

På landslinja på Stryn vidaregåande skule vert det tilrettelagt for at elevane kan kombinere idrett og skule på best mogleg måte. I tillegg til skiskyting har skulen også tilbod for handball og fotball. Elevane blir på skulen del av ein god treningskultur med sunne verdiar. Det er lagt opp til om lag 20 samlingsdøgn i skuleåret, i tillegg til seks konkurransehelgar på nasjonalt nivå i løpet av vinteren, noko som utgjer om lag 20 døgn. Eigendelar og støtte frå sponsorar er med på å dekke samlingsopplegg og støtteapparat på Noregscup-helgane.

Søk om sponsormidlar frå Tussa

Tussa er engasjert og stolt støttespelar til små og store lag og organisasjonar på søre Sunnmøre og i Stryn. Søknadsfristen er 15. januar.

Samfunnsansvar

Tussa sin visjon er å ha kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi er opptekne av at verksemda vår skal vere til det beste for menneska, miljøet og samfunnet rundt oss.