Kva leitar du etter?

SkyShowtime - ei ny strøymeteneste i Telia Play

27.09.2022

SkyShowtime er ei heilt ny strøymeteneste full av spennande og engasjerande innhald. Her finn du både alt frå kjente og kjære klassikarar til dei nyaste kassasuksessane for store og små.

Strøymetenesta Paramount+ har no blitt SkyShowtime. Du får kvalitetsinnhaldet du kjenner frå Paramount, Universal, Dreamworks og Nickelodeon, i tillegg til – du gjetta rett – Sky og Showtime. I ei overgangsperiode vil innhaldet liggje som før under Paramount+ i Telia Play.

For å få tilgang til SkyShowtime vel du inn tenesta i Valmenyen i Telia Play (kostar 20 poeng).

Sonic D

Sonic 2

No kan du igjen halde tritt med verdas raskaste pinnsvin, i den nye storfilmen Sonic 2, kun på SkyShowtime. Dr. Robotnik er tilbake med nye, vonde planar, som Sonic saman med medhjelparen Tails må setje ein stoppar for.

Halo D

Halo

Har du sakna Master Chief? I denne serien basert på Xbox-spelet med same namn får du bli med å forsvare menneskeheita mot den utanomjordiske alliansen Covenant Empire i det 26. århundre. Serien er eksklusiv for SkyShowtime.

Paw Patrol D

Paw Patrol

Seks heroiske kvalpar dreg på redningsoppdrag med høg innsats, og brukar problemløysing, kraftige køyretøy og hunde-humor for å redde dagen. Marshall og kvalpane er klare – er du?

Treng du fleire TV-poeng?

Viss du treng litt fleire TV-poeng å rutte med, slik at du kan ha både SkyShowtime og ei anna strøymeteneste samstundes, så kan du kjøpe ekstra.

10 ekstra poeng kostar 25 kr/md., og det er sjølvsagt inga bindingstid.