Kva leitar du etter?

Formula1 1

Sesongstart for Formel 1

15.03.2022

Formel 1 fekk ein ny vår blant norske TV-sjåarar i 2021, med god hjelp frå Netflix-serien Drive to Survive. No startar årets sesong, og med V Sport og Viaplay får du enkelt med deg høgdepunkta.

Formel 1 er tilbake etter rekordstor interesse i Noreg i 2021. Det er hard kamp om den øverste pallplassen mellom regjerande verdsmester Max Verstappen og utfordraren Lewis Hamilton.

Laurdag startar kvalifiseringa til sesongens første løp i Bahrain.

18. marsBahrains Grand Prix (Training)
19. marsBahrains Grand Prix (Qualification)
20. mars
Bahrains Grand Prix (Race)
26. marsSaudi Arabiens Grand Prix (Training)
27. marsSaudi Arabiens Grand Prix (Qualification)
28. marsSaudi Arabiens Grand Prix (Race)
TV

Viaplay og V Sport i Valmenyen

Med digital-TV frå Telia kan du bruke poeng i Valmenyen for å få tilgang til Viaplay og V Sport. Dersom du treng fleire poeng kan du ta kontakt med kundesenteret.

Vil du varme opp til sesongen?

Klarer du ikkje å vente til sesongen brakar laust? Då kan du til dømes sjå den siste sesongen av Drive to Survive, som blei tilgjengeleg på Netflix 11. mars. Eller kanskje vil du gå bak kulissene i Ninas Formel 1, som gir eit unikt innblikk bak kulissene av sporten.

AAAAQU Xyqxn H Fvjs SH Rkl Nf Q1 Wp5 D Wq1ggvem 67 ZN Ik3jcu Ps SP Aa Qvr5 Nn Juba2 Vco R Flwm4rvi Rwj B1 Qcz Xl Hl Jbr M Tik Q Wme Bu Xn VKE6a Dwf Bd O Tb3tx g Uwlqa4 Y Reb Db ZOZX6t373 D8 Rll 25 Jja Zk

Drive to Survive

Netflix-serien Drive to Survive har på nytt vekt folkeinteressa for Formel 1. I den siste sesongen kan du sjå fjorårets mesterskap, fullt av drama og adrenalin.

  • Visste du at du no kan velje inn Netflix med poeng i Valmenyen?
621ca2e0582ac

Verstappen - Lion Unleashed

Max Verstappen, faren Jos og hans manager Raymond ser tilbake på Max sitt verdsmesterskap og tek ein eksklusiv prat med Viaplay om den spennande avsluttinga på 2021-sesongen.

1200x675

Ninas Formel 1

I denne serien følgjer du Nina Kennedy, dottera til den legendariske Formel 1-sjåføren Ronnie Peterson. I serien får du møte menneska som har forma sporten, og få eit innblikk bak kulissene i F1.

Kva er Formel 1?

Verdensmesterskapet i Formel 1 har heilt sidan første sesong i 1950 vore ein av dei fremste formene for billøp. Ordet "formel" tyder at alle deltakarane må følge eit sett av reglar. Mesterskapet består av ei rekkje enkeltløp, kjent som Grand Prix (fransk for "store prisar"), som blir avholdt på spesialbygde baner. Typisk startar ei løpshelg med trening fredag, kvalifisering laurdag og sjølve løpet på søndagen.

Bilane i Formel 1 har eit særeige design, med berre eitt sete og ope tak. For å oppnå optimalt marktrykk og styre luftstraumen rundt bilen har dei montert vingar foran framhjula og bak på bilen. Desse bilane er blant dei raskaste racingbilane i verda, og kan gå opp mot 370 kilometer i timen.