Kva leitar du etter?

Volda e sport
Jarl Vartdal Vinjevoll og Ann Kristin Einbu i Tussa saman med Harald Kvangarsnes (i midten) i Volda E-sport

Samarbeidsavtale mellom Volda E-sport og Tussa

04.02.2025

Volda E-sport og Tussa har inngått ein samarbeidsavtale som styrker både klubben si synlegheit og moglegheitene for breiddeaktivitetar, med fokus på å skape auka engasjement og aktivitet i miljøet.

Styrkar breiddeaktiviteten i e-sport

Avtalen legg grunnlaget for ei større satsing på breiddeaktivitetar i Volda E-sport, der klubben kan utvikle seg som eit samlingspunkt for spelinteresserte i lokalmiljøet. Samarbeidet med Tussa gir Volda E-sport høve til å arrangere fleire aktivitetar og nå ut til eit breiare publikum med gaming og e-sportaktivitetar.

Viktig tilbod for spelinteresserte

- Volda E-sport er godt drive og tilbyr ein positiv møtestad for spelinteressert barn og ungdom. Som leverandør av internett og IT er det heilt naturleg for Tussa å samarbeide med lokale e-sportklubbar og LAN. Det er viktig at datainteressert barn og ungdom kan møtast på ein trygg arena der dei kan dyrke interessa si saman med andre, seier Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa.

Gjennom den nye avtalen vil Volda E-sport disponere Tussa sine gaming PC-ar, som vil verte nytta på ulike arrangement i regi av klubben. Som tidlegare vert det også mogleg for andre arrangørar å låne gamingutstyret til Tussa. Volda E-sport bistår med å levere og hente utstyr og kople dette opp. Tussa har litt informasjon om dette på sine nettsider, og det vil kome informasjon om tilbodet på Volda E-sport sine nettsiderhttps://ves.gg innan kort tid.

Ei viktig milepæl for Volda E-sport

Harald Kvangarsnes, kontaktperson for Volda E-sport, understrekar kor viktig samarbeidet er:

– Samarbeidet med Tussa er særs viktig for oss fordi det gir oss moglegheita til å satse på og nå ut med aktivitet som vi driv med mot gaminginteresserte i eit større område. Vi ser fram til eit samarbeid som styrker både klubben og lokalmiljøet.

Avtalen markerer eit felles engasjement for å fremje e-sport som ein inkluderande og utviklande aktivitet i regionen. Volda E-sport ser fram til å vidareutvikle tilbodet sitt i tett samarbeid med Tussa.

Teknisk støtte og internett med høg hastigheit til lokale gamarar

Lag og organisasjonar kan søke om teknisk støtte og internett med høg hastigheit til gaming og LAN. Vi låner også ut gaming-PCar.