

Over 200 fekk støtte i 2025
Tussa støttar gode tiltak i lokalmiljøet, og i 2025 har over 200 lag og organisasjonar fått sponsorstøtte. På mottakarlista finn vi alt frå korps og klatreklubbar til friluftsliv og festivalar. Felles for alle er at dei er frivillige initiativ som bidreg til å gjere bygdene våre til gode stader å bu, arbeide og besøkje.
I tillegg til sponsorsamarbeid har fem prosjekt fått midlar frå Tussa sitt berekraftsfond og ti skular har fått nettvettføredrag med Barnevakten.
Brei geografisk og tematisk spreiing
Tiltaka er fordelt på ni kommunar, og dei fem mest vanlege kategoriane er:
- Musikk: Korps, folkemusikk, kor og festivalar
- Idrett: Ballsport, e-sport, turn, friidrett, ski, klatring og dans
- Kultur: Festivalar, teater og lokalhistorie
- Friluftsliv og samfunn: Velforeiningar, sanitetslag, ungdomsklubbar og turlag
- Digital tryggleik: Nettvettføredrag med Barnevakten
- Berekraft: 250 000 kroner fordelt på berekraftige prosjekt
Gir stor verdi
Tussa vel å gi litt til mange i staden for å vere hovudsponsor for nokre få. Denne måten å fordele midlar på gir stor verdi, både for lokalsamfunnet og for Tussa. Ved å støtte eit mangfald av tiltak som engasjerer, inkluderer og inspirerer, bidreg Tussa til å styrke bulyst, fellesskap og lokal identitet i dei ni kommunane som utgjer Tussaland.
Sponsormidlar frå Tussa
Som kunde av Tussa bidreg du til samfunnsutvikling og sponsing av kultur og idrett i regionen. Vi samarbeidar med idrettslag, skisenter, festivalar, kor, korps og ei rekkje andre frivillige organisasjonar, for at bygdene våre skal vere attraktive stader å bu, arbeide og besøkje.
Søk om sponsormidlar