

Oppgradering av Nesset kraftverk
Tussa er i gang med å skifte ut den nesten 1 kilometer lange rørgata til Nesset kraftverk på Hareid.
Nesset kraftverk vart bygd av Hareid kommunale elverk i 1946, og sett i drift året etter. I kraftverket står ein turbin frå 1913 som vart kjøpt brukt i 1946, då kraftverket vart bygd. Dette er den eldste turbinen som er nytta av Tussa i dag. Kraftverket utnyttar fallet frå Svartevatnet og har ei fallhøgd på 195 meter. Den øvste delen av rørgata var bygd av kreosotimpregnert tre på betongfundament, og den nedste delen i frittliggjande stålrør.
Etter å ha stått i ro ei periode grunna lekkasje i rørgata og at dei gamle røra ikkje stetta tryggleikskrava, er arbeidet med å leggje ny rørgate godt i gang. Det er Aurevoll og Furesund AS som er utførande entreprenør for arbeidet. I tillegg til fornying av rørgata, vert det også laga til ein skogsveg til Svartevatnet.
- Den nye rørgata skal gravast ned i heile lengda si, og det blir lagt duktile støpejarnsrør med diameter på 50 cm, seier Øyvind Eidså, prosjektingeniør og VTA i Tussa Energi. Han fortel vidare at målet er å få produksjonen i kraftverket i gang før sommarferien, og ferdigstille prosjektet i løpet av hausten.
Nesset kraftverk har ein normalproduksjon på 2,5 GWh i året.

Vasskraft frå 25 kraftverk
I dag eig og driv Tussa 25 vasskraftverk og 1 biobrenselanlegg.