Kva leitar du etter?

20260529 122120

Open dag og nyopning av Nesset kraftverk

02.06.2026

Laurdag 6. juni kl. 13.00 til 15.00 opnar vi dørene til Nesset kraftverk i Snipsøyrdalen på Hareid. 

Vi har modernisert og pussa opp Nesset kraftverk, og no opnar vi dørene for omvisning og nyopning. På Nesset står gamalt og nytt maskineri side ved side. I den gamle maskinsalen står den over 100 år gamle turbinen, som hareidsdølane fekk tak i etter mykje om og men i 1947. I den nybygde maskinsalen står den nye turbinen, som gjer at kraftverket kan produsere meir kraft enn før.  

Velkommen til open dag der du får oppleve:

  • Nyopning ved ordførar Bernt Brandal
  • Historia om korleis Hareid fekk maskineri til Nesset kraftverk
  • Kaffi og biteti
  • Rebusløp for barn