Kva leitar du etter?

Per Kristian Kile Solar Anchor
Produktutviklar Per Kristian Kile har brukt SolarAnchor som festemateriell på Tussa Installasjon sitt solcelleanlegg i Ulsteinvik

Nytt solcelleprodukt utvikla på Sunnmøre

11.11.2025

Tussa lanserer SolarAnchor, ei lokalt produsert og berekraftig løysing for solcelleinstallasjonar.

Tussa har utvikla eit nytt festesystem for solcellepanel i samarbeid med entreprenørverksemda A. Våge. Produktet er skapt for norske forhold og gjer det enklare, billegare og meir miljøvenleg å montere solceller på flate tak.

– SolarAnchor er eit resultat av lokal innovasjon og praktisk erfaring frå solcelleinstallasjonane vi har gjort i regionen. Vi såg behovet for ei enklare og meir robust løysing, og utvikla eit produkt i miljøbetong som fungerer både som ballast og festesystem, seier Per Kristian Kile, leiar for solcelle- og fornybarprosjekt i Tussa Installasjon.

Frå idé til ferdig produkt

Ideen vart fødd då Tussa monterte solceller hos A. Våge i Volda. A. Våge ønskte å bruke eigenprodusert betong som ballast på solcelleanlegget. Samstundes var det lang leveringstid på det vanlege festesystemet i aluminium, og då kom ideen om å lage ei løysing som kombinerer ballast og festepunkt. SolarAnchor er eit betongelement som både held solcellepanela på plass på taket, og som fungerer som monteringspunkt.

Fordelar med SolarAnchor

• Ballasten er konstruksjonen, det er færre delar og enklare montering
• Integrert kabelgate under modulen gir trygg og ryddig kabelføring
• Norskprodusert med lågt miljøavtrykk
• Meir tids- og kostnadseffektiv installasjon

Solar Norge er sals- og marknadspartnar

Solar Norge er med som sals- og marknadspartnar og vil bidra til å gjere SolarAnchor tilgjengeleg for installatørar og kundar over heile landet.

– Vi er stolte over å kunne tilby ei løysing som er utvikla lokalt, med høg fagleg kvalitet og stor vekt på berekraft. Dette prosjektet viser korleis lokal kompetanse og samarbeid kan skape nye løysingar. Vi har ambisjonar om at SolarAnchor skal bli ein standard i marknaden, både i Noreg og i Europa, seier Kile.

Produktutviklaren forklarer løysinga

Kva gjer SolarAnchor til eit betre og billegare festemateriell for solcellepanel? I filmen møter du produktutviklaren bak løysinga. 

Sande sjukeheim valde SolarAnchor

Sandetun sjukeheim på Larsnes har fått solcelleanlegg på taket. I dette prosjektet brukte Tussa for første gong det nye festesystemet vårt for flate tak, SolarAnchor.