Kva leitar du etter?

20250909 085440

Nytt livsløp for Tussa-transformator

15.09.2025

Etter ei omfattande teknisk oppgradering og ei krevjande transportetappe er tranformator 1 i Tussa kraftverk på Bjørke tilbake i drift. Transformatoren har vore ute av drift sidan august, då han vart sendt til Hitachi i Drammen for rehabilitering.

Bakgrunnen for arbeidet var aldring i olje og papirisolasjon, avdekt gjennom rutinemessige oljeprøver. For å sikre at kraftproduksjonen framleis skal vere trygg og stabil ved Tussa sitt største kraftverk, vart det gjennomført ei teknisk oppgradering og livstidsforlenging.

Transporten av den 40 tonn tunge transformatoren ut og inn av fjellanlegget var ei logistisk utfordring. Tunnelen inn i fjellet er dimensjonert etter køyretøy frå 1960, og fleire transportfirma trekte seg etter å ha vore på synfaring. Royal Transport tok på seg oppdraget, og etter laserskanning av tunnelen og simulering, vart det klart at transporten var mogleg, med små marginar.

20250909 094932
20250909 110244
20250909 100623
20250909 105227
20250909 103037
Dette har vore eit viktig prosjekt for å sikre vidare stabil og trygg kraftproduksjon frå Tussa kraftverk. Vi er svært nøgde med resultatet og takkar alle involverte for innsatsen.
Terje Myklebust, kraftverksjef i Tussa.