Kva leitar du etter?

Placeholder blue

Nye faktureringsrutinar for Tussa

01.12.2021

Tussa sitt straumsalsselskap har skifta namn til Wattn, og frå og med november tilbyr vi ikkje lenger samlefaktura for straum og internett/TV. Fakturaen for straum kjem frå Wattn og fakturaen for internett og TV kjem frå Tussa IKT.

For kundar på internett og digital-tv!

Alle kundar har fått informasjon på e-post om nytt konto- og KID-nummer. I e-posten finn du også ei lenke du kan klikke på for å opprette avtalegiro med Tussa IKT.

Faktura for internett og digital-tv

På faktura frå Tussa IKT i november, skal innbetalinga skje til nytt konto- og KID-nummer. Forfallsfristen vert den 20. kvar månad.
Nytt kontonummer for innbetaling er: 6562 06 31471

Informasjon om EHF-faktura, eFaktura og Digipost
Har du avtale om EHF-faktura (bedrift), eFaktura eller Digipost vil du få fakturaen som før.

Informasjon om AvtaleGiro
Ønsker du AvtaleGiro må du opprette ny avtale med Tussa IKT. Dette gjer du sjølv i nettbanken ved å oppgi nytt kontonummer og ny KID. For å unngå fakturagebyr bør du velje eFaktura, e-post-, eller SMS-faktura i tillegg. Du kan også opprette avtalegiro når du loggar inn på Di side.

Informasjon om eFaktura
Dersom du har akseptert eFaktura frå alle tilbydarar i nettbanken din («ja-takk til alle»), vil faktura frå Tussa IKT bli sendt som eFaktura, sjølv om du tidlegare har fått fakturaen på e-post, SMS eller giro.

Brukar du Tussa Di side og/eller Tussa sin kundeapp?
Du kan bruke Di side og Tussa-appen som før for internett- og digital-tv-tenestene til Tussa.

For straumkundar

Straumavtalen din

  • Avtalen/avtalane du har med Tussa-24 er vidareført til Wattn.
  • Utfyllande informasjon om kundeforholdet ditt finn du hos Wattn.


Faktura

  • Avtalar om EHF-faktura for bedrift, eFaktura, e-postfaktura, SMS-faktura, Digipost og AvtaleGiro vert vidareført til Wattn utan at du treng å gjere noko.
  • Betalar du faktura manuelt, må du vere merksam på endring av konto- og KID-nummer som står på faktura frå Wattn.
  • Har du avtale om anna enn månadleg fakturering? Då vil du motta ein ekstra faktura på gjeldande målepunkt, med avrekning av forbruket ditt fram til 1. oktober.

Nettleige og straum på same faktura
Wattn får avtale om gjennomfakturering med seks nettselskap. Det betyr at enda fleire kundar, utan ekstra kostnad, får straum og nettleige på same faktura frå 1. november.

Her er nettselskapa Wattn har avtale med:

  • Mørenett - både bedrift- og privatkundar
  • Linja - både bedrift- og privatkundar
  • BKK Nett - både bedrift- og privatkundar
  • Sygnir - både bedrift- og privatkundar
  • Elvia (tidl. Hafslund Nett) - berre privatkundar
  • Tensio TS - berre privatkundar

Du treng ikkje gjere noko. Har du straumavtale med målepunkt i desse nettselskapa sine område skjer det automatisk. Bedriftskundar med eigne gjennomfaktureringsavtalar vil behalde desse som før.

Gå til Wattn