Kva leitar du etter?

Olav Osvoll
Olav Osvoll er tilsett som ny konsernsjef i Tussa

Olav Osvoll blir ny konsernsjef i Tussa

19.12.2023

Olav Osvoll er tilsett som ny konsernsjef i Tussa. Han overtek etter Elling Dybdal og tiltrer seinast 1. april 2024. Olav Osvoll kjem frå stillinga som konserndirektør i Eviny Fornybar AS.

Styret i Tussa Kraft er svært nøgde med at Olav Osvoll takka ja til å overta som konsernsjef i Tussa når Elling Dybdal går av med pensjon.

Olav Osvoll er utdanna ingeniør med tilleggsutdanning innan økonomi og administrasjon.

- Olav er ein omgjengeleg, triveleg og klartenkt lagspelar som vi ser fram til å verte endå betre kjende med, seier Sindre Rotevatn, styreleiar i Tussa Kraft.

Flyttar heim til Sunnmøre

Olav er opphaveleg frå Volda og har budd dei siste 30 åra i Førde. Han og kona, som også er frå Volda, tek sikte på å flytte til regionen. Dei har tre vaksne born som har flytta frå heime.

- Eg ser fram til å flytte heim til Tussa-regionen og til å starte i stillinga. Tussa er eit viktig selskap i regionen, og eg ser spesielt fram til å verte meir kjend med dei nye kollegaene mine. Det blir spennande å leie eit allereie veldrive konsern, i ei tid med mange moglegheiter for energibransjen, seier Olav Osvoll.

Allsidig kompetanse frå bransjen

Olav Osvoll har lang fartstid frå energibransjen, både i NVE, Sunnfjord Energi, BKK og no sist frå Eviny, i tillegg til nokre år i Angola. Den lange og allsidige erfaringa frå bransjen, deltakinga i ulike prosjekt og bransjeutval, erfaringa med omstillingsprosessar, brei leiarerfaring og dei rette personlege eigenskapane, er kvalifikasjonar styret har lagt vekt på i tilsetjinga.

Sindre Rotevatn
Sindre Rotevatn, styreleiar i Tussa

Sterkt konsern

Styret takkar samstundes Elling Dybdal for jobben han har gjort som konsernsjef i Tussa i over 30 år. I denne perioden har konsernet utvikla seg frå 45 til 250 medarbeidarar. Forretningsområda har òg utvikla seg, frå kraftproduksjon og nettverksemd, til telekom ogfiber, IT og installasjon. I tillegg har Tussa viktige strategiske eigarposisjonar i Linja, Wattn og Istad.

- Under leiarskapen til Elling Dybdal har Tussa fått ein sterkare posisjon enn nokon gong. Tussa leverer solide utbyte til eigarane, har ein solid posisjon i marknaden og er ein attraktiv arbeidsplass. Elling har stått for god kommunikasjon med medarbeidarar, eigarar og samarbeidspartnarar, noko som har vore viktig for å gjennomføre strategiske endringar, sist ved at vi kunne ønskje Stranda Energi velkommen til Tussa. Saman med gode medarbeidarar har han også sett miljø og berekraft på dagsorden. Styret er særs godt nøgd med innsatsen til Elling og takkar han varmt for den jobben han har gjort for Tussa. Vi ønskjer han alt godt vidare som pensjonist, seier styreleiar i Tussa Kraft Sindre Rotevatn.