No får du Disney+ i TV-pakken
No kan du velje inn TV 2 Play Favoritt i Valmenyen, som også inkluderer strøymetenesta Disney+.
Har du sakna moglegheita til å velje inn Disney+ i TV-pakken? Som den einaste leverandøren i Noreg kan Telia Play tilby TV 2 Play Favoritt med Disney+ i Valmenyen.
Ferske tal frå SSB viser at 23% av alle nordmenn abonnerer på Disney+, som gjer tenesta til ei av dei mest etterspurde og raskast veksande strøymetenestene i landet. Her finn du eit omfattande innhaldsbibliotek, og i tillegg til alle dei kjende og kjære Disney-klassikarane finn du filmane og seriane frå Pixar, Marvel, Star Wars og National Geographic.
TV 2 Play Favoritt har også mykje godt innhald for deg som er interessert i sport. Her får du alt TV 2 har å by på av handball, ishockey, tennis, sykling, poker, sjakk og vintersport, i tillegg til eit utval sjakk- og volleyballkampar. I tillegg får du tilgang til alt innhaldet som elles er tilgjengeleg i TV 2 Play Basis, med over 2000 seriar og 3000 filmar.
Slik kjem du i gang
Tenesta ligg tilgjengeleg i Valmenyen, og kan veljast inn med poenga som er inkludert i TV-pakken din. Valmenyen finn du på TV-boksen eller i mobilappen til Telia Play. Du kan velje mellom to pakkar: ein pakke med reklame for 50 poeng, og ein pakke utan reklame for 110 poeng.
Treng du fleire TV-poeng? Det er mogleg å kjøpe ekstra TV-poeng mot eit tillegg i prisen. Kontakt kundesenteret for bestilling.