Kva leitar du etter?

Banner Har du Telia Play har du alt

Netflix, Viaplay og HBO Max på ein stad

19.09.2023

No kan du byte mellom forskjellige strøymetenester og kanalar rett frå fjernkontrollen. Du kan byte så ofte du vil, utan bindings- eller karantenetid, og endringane skjer med ein gong.

Medan du tidlegare måtte logge inn i Valmenyen på ein mobil eller PC, kan du no byte enkelt mellom ulike kanalar og strøymetenester direkte på Telia Box med fjernkontrollen.

– Vi jobbar tett saman med kundane våre for å kunne levere stadig betre TV-opplevingar, og er stolte over å vere først i Noreg med denne nye løysinga, seier Pål Rune Kaalen, leiar for privatmarknaden i Telia Norge.

– Med Telia Play-tenesten får du alltid tilgang til dei største strøymetenestene og alle dei kjende kanalane samla på ein stad, og no har det aldri vore enklare å velje det innhaldet du likar aller best.

Alle kundar har tilgang til eit gitt antal TV-poeng som ein del av abonnementet, og med eit tastetrykk på fjernkontrollen kan du til dømes byte mellom HBO Max, Viaplay og Netflix. Du treng ikkje seie opp det eksisterande strøymeabonnementet ditt heller – bytet skjer automatisk.

For deg som har TV-abonnement frå Tussa kan du spare fleire hundre kroner i månaden ved å ikkje betale for dei strøymetenestene du allereie har tilgang til i Telia Play.

Bilde av Telia Play på ulike devicer