Kva leitar du etter?

20230829 A7 R04066 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN

Navigerte gjennom IT-horisonten på Havila Polaris

05.09.2023

29. august seilte Tussa sitt IT-cruise frå Skansekaia i Ålesund. Med på skuta var 90 kunnskapstørste kundar av Tussa IKT og Nordea.

Arrangementet lovte på førehand innsikt frå toppaktørar i IT-bransjen, gode nettverksmoglegheiter og ein spennande sjakkduell. Godorda i etterkant tyder på at arrangementet innfridde forvetningane.

Stemningsrapport - sjå filmen:

Reise gjennom IT-verda

Dagen starta med kaffi og fagleg drøs i det Havila Polaris kassa loss frå Ålesund. Programmet vart innleia av Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT, som ønskte alle velkomne på vegner av arrangørane Tussa og Nordea. Tussa og Nordea har vore gode samarbeidspartnarar i mange år, og har felles marknadsområde i regionen.

Deltakarane vart deretter tekne med på ei reise gjennom ulike delar av IT-verda. Først ut var Nordea sin etiske hackar, Kamil Medikowski, som delte innsikt frå hacking av alt frå garasjeportar og bilar, til bank- og forretningssystem. Ida Marie Edholm, også frå Nordea, følgte opp med innsikt om svindel, trugslar og trendar, og om korleis svindlarar med ulike metodar greier å lure folk. Vigleik Hustadnes, IT-sikkerheitssjef i Tussa, diskuterte handtering og lærdom etter cyberangrep, med utgangspunkt i ei bedrift som nyleg har opplevd dette.

20230829 A7 R03982 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
Alle foto: Martin Giskegjerde/Oclin
20230829 A7 R04003 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
20230829 A7 R04012 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
20230829 A7 R04054 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
20230829 A7 R04076 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN

KI - å sove med "one AI open"

Microsoft var også representert, og dei presenterte spennande perspektiv på migrasjon og innovasjon, og kva vi kan forvente oss av nyvinningar framover. Sorasec bidrog med ny innsikt om KI, under overskrifta "Sleeping with one AI open" fortalde dei om moglegheiter og problemstillingar med verktøya som er i emning.

Vidare vart deltakarane guida gjennom Azure av Øyvind Lislevatn frå Tussa IKT. Tussa har dei siste åra satsa stort på skytenester frå Azure, og leverer i dag det beste frå begge verder: skytenester frå Azure kombinert med tenester frå eige, miljøvennleg datasenter i Ørsta.

20230829 A7 R04144 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
20230829 A7 R04087 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
20230829 A7 R04410 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
20230829 A7 R04297 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
20230829 A7 R04309 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
20230829 A7 R04009 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN


Utsleppsfri innsegling i Geirangerfjorden

Eit av høgdepunkta på reisa var den spektakulære innseglinga i Geirangerfjorden. Skipet si konferanseavdeling ligg flott plassert i 6. høgda med utgang til dekk. Skodda som låg tett kring fjelltoppane på morgonen hadde letta, og på turen innover fjorden kunne ein sjå dei kjende fossefalla, høgtliggande gardane og fjella, i tillegg til den yrande aktiviteten på fjorden. Her var cruisebåtar, kajakkar og RIB, akkurat slik Geirangerfjorden er kjent for.

Tussa har eit tydeleg miljøfokus, og det var difor fint å leggje konferansen til Havila Polaris, som tilbyr ei utsleppsfri innsegling i Geirangerfjorden.

20230829 A7 R04105 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
20230829 A7 R04186 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
20230829 A7 R04139 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN

Lynsjakk mot publikum

Dagen vart avslutta med ein tur inn i sjakken si verd. Ole Rolfsrud og Torstein Bae fortalde korleis NRK sine sjakksendingar, mot alle odds, har blitt ein publikumsfavoritt. For korleis skal ein eigentleg skape engasjerande TV om ein idrett der to menneske sit i stillheit og grublar, kanskje så lenge som 30 minutt før dei gjer eit trekk. Rolfsrud og Bae runda av innlegget sitt med å utfordre publikum til lynsjakktevling. Fleire frå publikum stilte opp mot Torstein Bae, noko som både var spennande og underhaldande.

Etter ein lang og innhaldsrik dag gjekk cruisedeltakarane i land på Skansekaia i Ålesund, vonleg med hovudet fullt av ny innsikt, inspirasjon og gode tips.

20230829 A7 R04342 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
20230829 A7 R04359 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN
20230829 A7 R04373 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN