

Mobildekning ved Storlivatnet
Tussa har etablert mobildekning og 4G/5G i området rundt Storlivatnet i Volda kommune. Tussa har behov for stabil mobildekning når det skal utførast arbeid på Åmela kraftverk og dammane i området. Ein hyggjeleg biverknad er det at mange av hyttene i området også har fått dekning.
Tussa har lagt fiber frå Åmela kraftstasjon og opp til radiohytta ved Storlivatnet, og to Telia-basestasjonar er montert i hytta og masta. Dette gir god dekning for Telia-kundar i store delar av området, og gjer det enklare og tryggare for Tussa sine arbeidsfolk i fjellet, og for hytte- og friluftsfolk som nyt naturen.
Åmela kraftverk
Etableringa av mobildekning og 4G/5G er eit viktig tryggingstiltak for Tussa, som har mykje kraftverksinfrastruktur i området. Demningane i Storlivatnet og Sarpavatnet er vassmagasin til Tussa sitt nest største kraftverk, Åmela kraftverk, som ligg inst i Dalsfjorden.
- God kommunikasjon er viktig for trygge arbeidsforhold for medarbeidarane våre. Framover får vi også høve til å ta i bruk moderne, digitale styrings- og overvakingssystem ved kraftverket, noko som vil bidra til meir effektiv og rasjonell drift, seier Hans Strømmen, ingeniør i Tussa Energi.
Nøgde fjellfolk
Mobildekninga ved Storlivatnet er allereie teken i bruk, og tilbakemeldingane frå hytteeigarar og turgåarar er positive. Enkelte hytter melder om at dei ikkje har fått mobildekning heilt inn i stova, men dei har uansett fått kortare veg å gå til nærmaste dekningspunkt.