Leverer avansert batterisystem til Systemblokk i Bø
Tussa har signert kontrakt om ei nøkkelferdig leveranse av eit batteristøttesystem til Systemblokk i Bø i Telemark. Leveransen omfattar oppgradering av relevante anleggskomponentar, styringssystem, brannvarsling, installasjon og idriftsetting.
- Batteriløysingar av denne typen gjer det mogleg for bedrifter å få betre kontroll på kraftforbruket og skape nye inntekter. Ved å delta i fleksibilitets- eller reservemarknaden, kan bedrifter få betalt for å stille med regulerbart forbruk eller lagring av energi. For mange er dette ei inntektskjelde, som samstundes gir meir føreseieleg og effektiv drift, seier gruppeleiar næring Per Kristian Kile i Tussa Installasjon.
Batteria bidreg til å kutte effekttoppar og jamne ut belastninga i eigne anlegg. Energi blir lagra når straumprisen er låg eller nettet er lite belasta, og brukt i dei timane forbruket toppar seg. Dette er ein gjennomprøvd metode innanfor energilagring, og gir god økonomi over tid.
I tillegg kan batteria fungere som ein del av lokal straumberedskap ved straumbrot.
Nøkkelferdig leveranse frå Tussa Installasjon:
- Batterisystem på 750 kWh og 500 kW
- Alle naudsynte søknader
- Oppgradering av tavler og styresystem
- Oppgradering av brannvarsling
- Komplett installasjon og idriftsetting
- Samarbeid med Solar Norge