Kva leitar du etter?

Vanlan
Bilete frå VanLan

LAN i haustferien

10.10.2022

For mange unge er haustferien synonymt med dataparty, og lokale eldsjelar gjer det mogleg å arrangere LAN både i Ulsteinvik og i Vanylven. Tussa er stolt sponsor og bidreg med raskt og stabilt internett til arrangementa.

I Ulsteinvik er UlsteinLAN i gang med å rigge til Space LAN, som er temaet i haust, godt inspirert av filmklassikaren Space Jam frå 1996. Arrangementet går av stabelen allereie 11. oktober, og varer til laurdag 15. oktober. For deg som har med PC blir det konkurransar gjennom heile veka. Det blir òg sceneaktivitetar og mykje å finne på for deg som ikkje har med deg eigen PC. Dersom du er medlem i Burnout Dataparty ingenting å vere med dersom du har med eigen PC.

Du kan lese meir og melde deg på på UlsteinLAN sine nettsider.

Du kan følgje med på rigginga direkte på Twitch.

Frå UlsteinLAN i 2018
Frå UlsteinLAN i 2018

I Vanylven har det ikkje vore arrangert LAN sidan før pandemien, men 14. oktober er VanLan igjen klare for å ta imot ungdommen til tre dagar med speling. Her blir det servert frukost og middag, og det er open kiosk. For dei som reiser langt har dei òg lagt til rette med gode sovefasilitetar.

LAN er ikkje berre speling – på ungdomshuset i Vanylven blir det òg ei sone der ein kan møtest og vere sosiale også utan skjerm. Crewet i VanLan gler seg til å arrangere LAN igjen, og håper mange tek turen!

Det er framleis ledige plassar, og du kan lese meir og melde deg på på VanLan sine Facebook-sider.

Tussa er stolt sponsor av raskt og stabilt internett til lokale LAN. Tussa sponsar over 150 lokale lag og organisasjonar som tilbyr aktivitetar for barn og ungdom på søre Sunnmøre.